Me søkjer no entusiastisk og ivrig rekneskapsførar i 100% fast stilling

Arbeidsgiver
Kviteseid Kommune Sentraladministrasjon
Stillingstittel
Senior regnskapsfører
Frist
02.06.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Er du ein person som likar å utfordre deg sjølv? Ein person som liker å samarbeide på tvers av organisasjonen? Ein person som trivs i eit arbeidsmiljø der latteren sit laust? Ein person som ivrar etter å hjelpe andre til det beste for drifta?




Hva vi ser etter

Kva type personlege eigenskapar vil me ha med på laget vårt?


Me ser etter deg som er sjølvstendig og uredd. Me ser etter deg som er god på menneskelege relasjonar. Me ser etter deg som likar fageleg utfordringar og som klarar å leite deg fram til svar på eigenhand. Me ser etter deg som forstår viktigheita av tidsfristar og som har høg arbeidskapasitet. Me ser etter deg som har gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsevner. Me ser etter deg som har eit raust menneskesyn og som bidrar sosialt på arbeidsplassen.




Arbeidsoppgaver

Stillinga ligg rett under økonomisjef og du blir ein del av eit godt team.


Kva vil dine arbeidsoppgåver vere?


Som rekneskapansvarleg vil du ha ansvaret for rekneskapet til Kviteseid kommune. Du vil jobba sjølvstendig med alt frå A til Å, inkludert kontroll og oppfølging av utlegg, attestasjonar og tilskot. Andre viktige oppgåver vil vere registrering, kontroll og kvalitetssikring av rekneskaptransaksjonar, remittering og utbetaling, avstemming og internkontroll, gjennomføring av årsavslutning, og i tillegg fagleg rettleiing av leiarar og tilsette. Du vil bidra til å utarbeide gode rutinar og effektive arbeidsmetodar, og også utføre andre ad-hoc oppgåver innanfor rekneskapsområdet.


Kva ynskjer me av kvalifikasjonar?


· Økonomisk utdanning på minimum bachelornivå, relevant erfaring kan kompensera for manglande formell utdanning


· Regnskapserfaring frå A til Å, gjerne frå kommunal verksemd


· God kjennskap til lov- og avtaleverk innan fagområdet, særleg frå offentleg forvaltning


· God IT- og systemforståing




Kommunen brukar nynorsk som språk.


Du må kunne visa fram ny politiattest før tilsetjing.




Vi tilbyr

Me tilbyr:


· Ein spennande jobb med meiningsfulle arbeidsoppgåver


· Eit godt arbeidsmiljø med ein uformell tone


· Ein jobb med gode moglegheiter for kompetanseutvikling


· Konkurransedyktig løn


· Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP


· Me kan vere behjelpeleg med å skaffe bustad

Sektor
Offentlig
Sted
KVITESEIDGATA 13, 3850 Kviteseid
Stillingsfunksjon
Økonomi og regnskap, Økonomi og regnskap / Regnskap, Økonomi og regnskap / Controller
FINN-kode
353178596
Sist endret
15. mai 2024 10:55