Inaktiv

Musikk- og kulturskulelærar

Arbeidsgiver
Oppvekst og kulturetaten, Ulstein kulturskule
Stillingstittel
Musikk- og kulturskulelærar
Frist
31.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Ulstein kulturskule søkjer etter ein samarbeidsvillig musikalsk potet med hovudkompetanse innan rytmisk musikk.

Stillinga er 60% fast med moglegheit for auke. Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju.



Arbeidsoppgåver

Undervisingsoppgåvene vil kunne variere etter korleis elevmassa er sett saman og korleis undervisningstilbodet er elles i kulturskulen.

Kvalifikasjonar

  • Minimum 180stp i musikk og godkjend pedagogisk utdanning (PPU eller tilsvarande)
  • Komfortabel med digitale verktøy som t.d speedadmin, visma, og google
  • Noko kompetanse innan musikkproduksjon og notasjonsprogram
  • Erfaring med ulike støtteinstrument utover hovudinstrumentet. Ønskeleg med erfaring på bass, gitar, piano, trommer, song og digitale musikkverktøy
  • Erfaring med å leie grupper

Personlege eigenskapar

  • Du visar god evne til samarbeid over tid
  • Du er utadvendt og kommuniserer godt med elevar, føresette og kollegaer
  • Du kan arbeide sjølvstendig og med andre
  • Du held deg fagleg oppdatert
  • Du har evne til å motivere og skape engasjement
  • Du viser god gjennomføringsevne
  • Du er ein tydeleg klasseleiar og relasjonsbyggjar
  • Du kan nytte deg av handlingsrommet ditt som kulturskulelærar

Personlege eigenskapar vert lagt stor vekt på.

Vi tilbyr

  • Samarbeid i eit profesjonelt læringsfellesskap
  • Gode undervisingslokalar
  • Løn etter HTA
  • Gode pensjons- og forsikringsvilkår

Lurer du på noko om stillinga? Ta kontakt med rektor i kulturskulen for ein hyggeleg prat.

Kontaktinformasjon

Robert Pedersen Løkketangen, Rektor, +47 46822581

Arbeidsstad

Reiten

6065 Ulsteinvik

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Oppvekst og kulturetaten



Referansenr.: 4811575044

Stillingsprosent: 60%

Fast

Startdato: 01.08.2024

Søknadsfrist: 31.05.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Reiten, 6065 Ulsteinvik
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Annet
FINN-kode
353176316
Sist endret
16. mai 2024 09:11