Lege i spesialisering, barnesjukdomar

Arbeidsgiver
Barneavdeling, Helse Fonna HF
Stillingstittel
Lege i spesialisering, barnesjukdomar
Frist
30.06.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Barn- og ungdomsavdelinga er ein del av Medisinsk klinikk og omfattar Barnepoliklinikk i Haugesund og på Stord, Nyfødtintensiv eining, Barn sengeeining og Familieambulatoriet. Avdelinga har ledig 100 % stilling som LIS 2/3 ledig frå 01.09.2024, med moglegheit for tidligare oppstart.

Vi har for tida 9 overlegestillingar og 8 legar i spesialisering. LIS går 8-delt vakt.



Arbeidsoppgåver

  • Arbeid ved sengeeining barn, nyfødtintensiv og poliklinikk Haugesund
  • Delta i utgreiing og behandling
  • Deltaking i undervisning
  • LIS-legane går i 8-delt tenesteplan, med aktive vakter

Kvalifikasjonar

  • Søkaren må ha gjennomført LIS1 eller tilsvarande
  • Norsk autorisasjon
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
  • Erfaring frå LIS-stilling ved barneavdeling blir vektlagd
  • Personlege eigenskaper vil bli vektlagd

Personlege eigenskapar

Hos oss er det viktig at du:

  • er pasientorientert
  • har gode kommunikasjonsevner
  • er fleksibel
  • trivst med teamarbeid
  • er sjølvstendig og strukturert

Vi tilbyr

  • Eit godt kollegialt miljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst.

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Anne Margrethe Øritzland, Avdelingsleiar - barn

Arbeidsstad

Karmsundgata 120

5528 HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF



Referansenr.: 4814297399

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 30.06.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Lege
FINN-kode
353165657
Sist endret
16. mai 2024 08:18