Postdoktor (3 år) ved Klinisk institutt 2

Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Stillingstittel
Postdoktor (3 år) ved Klinisk institutt 2
Frist
20.06.2024

Beskrivelse

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?


Postdoktor

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 2, er det ledig ei åremålsstilling som postdoktor (100 %) for ein periode på tre (3) år. Stillinga er knytt til prosjekta “Development of Digital Endocrine Tools based on Digital Twins” i samarbeid med ei forskingsgruppe på Stanford University og “System dynamics approach Using Chemical Compounds to Elucidate the Structure of Polycystic Ovarian Syndrome (SUCCESS)”, finansiert av Novo Nordisk Foundation.


Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Prosjektet er knytt til digital medisin og kunstig intelligens, særleg målet om å utvikle ein digital tvilling for kroppen sitt hormonsystem (det endokrine systemet). Dette inneber å lage ein dynamisk, interaktiv datamodell i sanntid som representerer den endokrine fysiologien på individnivå (presisjonsmedisin), både hos friske og sjuke. Ein digital tvilling vert bygd opp av multimodale data frå ei rekkje kjelder, til dømes sensordata (til dømes frå klokker og telefonar), sjølvrapporterte pasientdata og omics-data frå vevsanalysar (genomikk, transkriptomikk, proteomikk, osb.). Når slike data vert samanstilte for eit individ, kan ein verte i stand til å utvikle terapeutiske verktøy som predikerer individuell respons på ulike behandlingar og etablere nye diagnostiske verktøy. Forskingsgruppa har tilgang til klinisk kompetanse, pasientmateriale og vevsprøvar og til kompetanse på organoide stamcelle-baserte modellar som grunnlag for omics-data, men treng å styrkje den analytiske kompetansen. Arbeidsoppgåver som påreknast er:

  • Implementering av ein trygg klinisk datalagringsplattform
  • Utvikling av analyseverktøy for multimodale data inkludert datastraumar i sanntid samt omics data
  • Bidra til å utvikle ein digital endokrin tvilling

Forskingsgruppa har samarbeid med til dømes Stanford Medical, og det vil vere mogleg med internasjonal mobilitet.


Kvalifikasjonar og eigenskapar:
  • Søkjar må ha oppnådd relevant norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning eller ha levert doktoravhandlinga innan søknadsfristen. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje og seinast innan 5 månadar etter søknadsfrist
  • Søkjar må ha oppnådd minst mastergrad eller tilsvarande utdanning i informatikk eller relaterte felt (til dømes matematikk, statistikk, medisin med sterk vekt på bereknings- og programmeringsaspekt)
  • Erfaring innan maskinlæring er eit krav
  • Erfaring med programmering og app-utvikling vil verte vektlagt
  • Personlege eigenskapar, som evne til sjølvstendig initiativ, evne til samarbeid, høg arbeidskapasitet og entusiasme for forsking vert vektlagt i vurdering av søkjarane
  • Søkjar må vere særs god i munnleg og skriftleg engelsk

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som vert tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Åremålsperioden for stillinga er tre år, med høve til å forlenge perioden inntil eit år dersom eit forskingsopphald i utlandet skal inngå i perioden.

Den tilsette kan verte pålagt pliktarbeid i form av undervisning og liknande arbeid ved instituttet.

Sjå forskrift om tilsetjingsvilkår for postdoktor, stipendiat mv.


Vi tilbyr:
  • Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • Løn for tida kr 624 500 (kode 1352, lønssteg 64) i lønsregulativet i staten. For søkjarar med medisinsk/odontologisk embetseksamen er løn for tida kr 624 500 (kode 1352, lønssteg 64). For søkjarar med spesialistutdanning er løn for tida kr 646 000 (kode 1352, lønssteg 66)
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:
  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga
  • Karakterutskrifter og vitnemål (søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar) og dokumentasjon på innlevert avhandling
  • Relevante attestar
  • Publikasjonsliste
  • Vitskapelege arbeid. Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (PDF)
  • To referansar (namn og kontaktinformasjon)

Generell informasjon:

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Helge Ræder, e-post: helge.rader@uib.no eller tlf.: + 47 55 97 52 63.

Universitetet i Bergen er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknader til stillinga.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda til å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar utvida offentleg dokumentinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å stå på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.


Sektor
Offentlig
Sted
Jonas Lies vei 87, 5021 Bergen
Stillingsfunksjon
Forskning/Stipendiat/Postdoktor, Annet, Ingeniør
FINN-kode
353163769
Sist endret
16. mai 2024 07:44