Undervisningsstilling i norsk

Arbeidsgiver
VOS - VOSS VGS, Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Undervisningsstilling i norsk
Frist
30.05.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Voss vidaregåande skule er ein moderne skule med om lag 400 elevar fordelt på fem utdanningsprogram; Bygg- og anleggsteknikk, Elektro- og datateknologi, Restaurant- og matfag, Naturbruk og Teknologi- og industrifag. Skulen har også eige avdeling for tilrettelagt undervisning.

Skulen som ligg vakkert til ved Lundarvatnet i Skulestadmoen; har om lag 130 tilsette. Voss vgs arbeider aktivt med å utvikle organisasjonen og skuletilbodet slik at tilbodet til kvar enkelt elev skal bli best mogeleg. Som skule har me høge ambisjonar, og har som mål å vera mellom dei leiande skulane innanfor dei programområda me tilbyr. Ved Voss vgs har me fokus på læring gjennom praksis og tett samarbeid med lokal og regionalt næringsliv.

Sjå meir informasjon om skulen på: https://www.voss.vgs.no/

For skuleåret 2024/25 har me ledig eit 20%-årsvikariat i norsk.



Arbeidsoppgåver


Undervisning i norsk på vg2.
Arbeide systematisk for at elevane skal lære, fagleg og sosialt.
Samarbeide med kollegaer om elevane si læring og utvikling.

Kvalifikasjonar


Undervisningskompetanse i norsk
Pedagogisk utdanning.
Ønskeleg med undervisningserfaring, men ikkje eit krav.
Gode IKT-kunnskapar.
Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse.

Personlege eigenskapar


Vi ønskjer søkjarar med eit positivt syn på elevar, som er tydeleg vaksen og som er ein god rollemodell for ungdom.
Du har stort engasjement for faget.
Du bidrar til elevane si faglege og sosiale utvikling.
Du er fleksibel og ser moglegheiter.
Du har gode samarbeidsevner.
Å vere eigna for arbeid med ungdom vil bli tillagt stor vekt.
Du har gode ferdigheiter i kommunikasjon og relasjonsbygging, både overfor elevar og andre samarbeidspartnarar.
Det vert lagt vekt på faglege og personlege føresetnader som er relevante for denne type arbeid.

Vi tilbyr

Nytt og moderne skulebygg
Eit inspirerande og nyskapande profesjonsfellesskap og godt arbeidsmiljø
Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver
Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk
Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Kontaktinformasjon

Svein Inge Styve, rektor , 90551854

Arbeidsstad

Standavegen 251

5710 Skulestadmo

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune



Referansenr.: 4815271613

Stillingsprosent: 20%

Vikar

Startdato: 01.08.2024

Sluttdato: 31.07.2025

Søknadsfrist: 30.05.2024


Sted
Standavegen 251, 5710 Skulestadmo
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
353162232
Sist endret
15. mai 2024 08:42