Er du leiken som eit barn og ansvarleg som ein vaksen?

Arbeidsgiver
Ål kommune Sundre barnehage
Stillingstittel
Fagarbeidar/assistent i Sundre Barnehage
Frist
02.06.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Frå 01.08.24 er det ledig 1,0 stilling som fagarbeidar/assistent i Sundre barnehage. Denne stillinga inneber arbeid tett med eit barn med medisinsk diagnose.

I eit inkluderande oppvekstmiljø der alle ser og blir sett, får kvar einskild kraft til å meistre eigne liv er hovudmålsettinga i oppvekstsektoren. Barnehagane vektlegg omsorg, leik, trivsel, utvikling og læring. Leiken har ein sentral plass i barnehagen, og vi ser på den som barna sin viktigaste læringsarena.

Sundre barnehage er ein kommunal barnehage med seks avdelingar fordelt på to hus. Barnehagen har eit stort og variert uteområde, med eigen leirplass, potetåker og små grønnsakskasser. Nærmaste nabo til barnehagen er Ål skulepark, som er eit tilrettelagt park- og aktivitetsområde med bl.a. hinderløype, klatrestativ og plass for ballaktivitet. Det er gangavstand til Ål kulturhus, med bibliotek og Ål Idrettspark på Bråta

Meir informasjon om barnehagane på www.aal.kommune.no

Kvalifikasjonar

  • vi ønskjer å tilsette ein med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar
  • annan relevant utdanning og praksis blir vurdert
  • gode norskkunnskapar, skriftleg og muntleg. Dersom du har eit anna språk enn norsk som førstespråk, må du ha gjennomført norskprøve og ha A2 på delprøve i skriftleg framføring og B1 på delprøve i leseforståing, lytteforståing og munnleg kommunikasjon

Vi krev ingen helsefagleg utdanning eller erfaring; opplæring ift diagnose vil bli gjeve.

Personlege eigenskapar
Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar. Vi ønskjer at du:

  • har genuin interesse for barn
  • har genuin interesse for barn med sterke følelsesuttrykk
  • er ein leikande vaksen
  • er varm og omsorgsfull, og samtidig kan setje grenser i møte med barn
  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • har pågangsmot og engasjement
  • er lojal og positiv
  • er fleksibel og løysingsorientert
  • er roleg og handlekraftig i stressande situasjonar

Vi tilbyr

  • ein barnehage med gode og utviklande arbeidsmiljø
  • engasjerte kollegaer, barn og føresette
  • kompetanseheving
  • pensjonsordning KLP
  • lønn etter gjeldande tariffavtale

Send søknad

  • vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
  • dei som blir tilsette må legge fram politiattest som ikkje er eldre enn tre månader
  • aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju fortløpane
  • Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.

Du er velkommen til å ta kontakt dersom du har spørsmål.

Velkomen som søkjar!


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Gartnarvegen 1, 3570 Ål
Stillingsfunksjon
Barnehage / Barnehageassistent, Undervisning og pedagogikk, Barnehage / Barnehagelærer
FINN-kode
353161538
Sist endret
16. mai 2024 07:19