Inaktiv

Lærling i service- og administrasjonsfaget

Arbeidsgiver
Askøy videregående skole, Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Lærling i service- og administrasjonsfaget
Frist
20.05.2024
Ansettelsesform
Lærling

Beskrivelse

Askøy videregående skole har ledig stilling for lærling i service- og administrasjonsfaget frå hausten 2024. Stillinga gjeld for ei læretid på to år og har arbeidsstad ved Askøy videregående skole i Søre Myrane på Kleppestø.

Arbeidsoppgåver

Som lærling i service- og administrasjonsfaget vil du i læretida jobba med ulike oppgåver som er vanlege i drifta av ein skule. Døme på dette er resepsjonsarbeid knytt til å svare på telefon, epost og ta imot besøkjande, ,enkel sakshandsaming, arbeid med løn og rekneskap inkludert timeføring og fakturahandsaming, dokumenthandtering inkludert scanning, publisering og arkivering og elles oppgåver som vert utført på avdelinga.

Kvalifikasjonar

Det er avgjerande med gode datakunnskapar og god skriftleg framstillingsevne. Noko engelskkunnskap er også naudsynt.

Personlege eigenskapar

For å trivast og lykkast hos oss er det avgjerande med evne og vilje til å arbeide både sjølvstendig og saman med andre, takle at dagen ikkje vert heilt som planlagt og likevel halde humøret og arbeidstempoet oppe. Skulen vil få dobbelt så mange elevar dei neste åra, så arbeidsoppgåvene vil naturleg kunna endrast undervegs.

Vi tilbyr

Tilbake får du ein variert arbeidsdag med mange spanande oppgåver ispedd ein del rutinearbeid. Det er høve til hospitering også på andre avdelingar i Vestland Fylkeskommune, og du får mange kjekke kollegaer som vil ta godt vare på deg i eit varmt og trygt arbeidsmiljø.

Kontaktinformasjon

Camilla Vikane, leiar administrasjon , 93809146

Arbeidsstad

Søre Myrane 13

5300 Kleppestø

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune



Referansenr.: 4808226110

Stillingsprosent: 100%

Lærling

Startdato: 07.08.2024

Søknadsfrist: 20.05.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Søre Myrane 13, 5300 Kleppestø
Stillingsfunksjon
Kontor og administrasjon, Kundeservice, Annet
FINN-kode
353160248
Sist endret
16. mai 2024 07:44