Skanningskonsulent (midlertidig)

Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Stillingstittel
Skanningskonsulent (midlertidig)
Frist
04.06.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?


Om stillinga:

Ved Universitetsbiblioteket (UB) er det ledig ei midlertidig 100 % stilling som skanningskonsulent (førstekonsulent kode 1408). Stillinga er på 9 månader med moglegheit for forlenging. Skanningsmedarbeidaren vert knytt til Språksamlingane ved Seksjon for spesialsamlingar og lyses ut for å styrkje arbeidet med oppgradering av Språksamlinganes omfattande samlingar, som UiB har eit nasjonalt ansvar for.


Arbeidsoppgåver:
  • Skanning av kart, ompakking og metadataregistrering.
  • Løpande oppgåver knytt til kartdigitalisering.
  • Det må påreknas nokre lettare fysiske flytteoppgåver, og den tilsette kan ikkje vere allergisk mot støv og liknande.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:
  • Høgare utdanning på bachelornivå. Relevant realkompetanse/fagbrev kombinert med relevant etter- og videreutdanning kan i nokre tilfelle kompensere for utdanningskravet.
  • Dokumentert erfaring i storformatskanning med gjennomløpsskanner.
  • Dokumentert erfaring med digitalisering: Skanning, metadataregistrering og tilgjengeleggjering.
  • Evne til nøyaktig, systematisk og sjølvstendig arbeid.
  • Fleksibilitet i forhold til arbeidsoppgåver.
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • Bør beherske munnleg og skriftleg norsk (eller skandinaviske språk) og engelsk.
  • Personlege eigeskapar vil verta vektlagd.

Vi tilbyr:
  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer.
  • Løn som førstekonsulent (kode 1408) kr. 509 300 til kr. 540 500 i det statlege lønsregulativet avhengig av kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Fleksibel arbeidstid.
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse.
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til fagleg leiar for Språksamlingane Peder Gammeltoft, tlf. 55 58 21 95, e-post: peder.gammeltoft@uib.no.

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.

Nærare om tilsettingsprosessen her.


Sektor
Offentlig
Sted
Haakon Sheteligs plass 7, 5020 Bergen
Stillingsfunksjon
Annet, Kontor og administrasjon, Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
353150698
Sist endret
15. mai 2024 12:11