Inaktiv

Psykisk helse og rus søker etter

Arbeidsgiver
Sunnfjord kommune Psykisk helse og rus
Stillingstittel
Miljøterapeut
Frist
26.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Ynskjer du å vere ein del av eit godt fagleg team i Psykisk helse og rus i Sunnfjord kommune? Då skal du søkje på denne stillinga.

Vi er ei eining som gjev tilbod om samtaleoppfølging og praktisk bistand til personar med utfordringar innan psykisk helse og rus. Vi jobbar brukarnært og mange av brukarane våre treng til tider tett og kontinuerlig oppfølging, med trygge og føreseielege rammer.

Psykisk helse og rus er ei eining som er delt i fire soner. I Naustdal, på Vassenden, i Førde og på Sande.

I eininga er vi omlag 22 årsverk fordelt på dei ulike sonene. Vi har også tilsett erfaringskonsulent i prosjektstilling og har eit tett samarbeid med jobbspesialistar. Dei tilsette innehar stor grad av fagleg kompetanse og er oppteken av å yte gode tenester. Vi jobbar i team, men mykje av arbeidet er også ein til ein oppfølging. Dette utløyser ein stor grad av sjølvstende i det daglege arbeidet og fordrar at ein er trygg på eigne avgjerdsle.

Vi ynskjer å finne ein dyktig fagperson som kan bidra positivt inn i eininga vår. Vi håpar det er deg.

Oppmodar menn om å søke, då vi ynskjer å ha ei jamnare fordeling av kvinner og menn i eininga vår

Det kan også vere aktuelt å tilby kompetanseheving, avhengig av kva du har frå før eller kva som vil vere behov for i eininga vår.

Vi har ledig:
  • 100 % fast stilling som miljøterapeut

Stillinga er turnusarbeid (dag/kveld og mogleg helg) og ligg hovudsakleg til sone Førde.

Sunnfjord kommunen er i stadig utvikling og ein må difor ta høgde for at det kan verte behov for endringar i arbeidstid og stad.

Skulle det oppstå eit behov for arbeid i andre soner enn Førde, vil det vere behov for at ein er fleksibel og kan jobbe der i kortare periodar.

Kvalifikasjonar:
  • søker primært etter personar med medisinskfagleg kompetanse. Sjukepleiar eller vernepleiarar. Anna relevant høgskuleutdanning innan helse- og sosialfag vert også vurdert
  • ynskjeleg med vidareutdanning eller erfaring innan feltet rus og rusproblematikk, men ikkje eit absolutt krav. Anna relevant kompetanse og erfaring som er aktuelt for arbeidet ein skal gjere, vil også verte vurdert
  • gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsferdigheiter
  • førarkort klasse B

Personlege eigenskapar vert vektlagt i stor grad og vi ser etter deg som har:

  • gode samarbeidsevner
  • positiv, nysgjerrig og reflekterande
  • strukturert
  • sjølvstendig og trygg
  • fleksibel og løysningsorientert
  • bidreg positivt i arbeidsmiljøet
Arbeidsoppgåver:
  • oppfølging av tenestemottakarar
  • dokumentere i relevant fagsystem
  • arbeide tett og tverrfagleg med samarbeidspartar
  • bidra i felleskap til planlegging og systematisering av arbeidsdagen
Vi tilbyr:
  • tverrfagleg arbeid
  • engasjerte kollegaer og leiarar
  • godt arbeidsmiljø
  • faglege utfordringar
  • løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • sunnfjord kommune tilbyr kompetansetillegg for relevant vidareutdanning

Du søker elektronisk.

Velkommen som søkar!

Kontaktinformasjon:

Einingsleiar Psykisk helse og rus

Finn Ove Arnes

Tlf: 47653520

Finn.ove.arnes@sunnfjord.kommune.no

Konstituert assisterande einingsleiar Psykisk helse og rus

Jon Anders Schei

Tlf: 90222482

Jon.anders.schei@sunnfjord.kommune.no


Link til søknadsskjema: Søk her
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell, Sosionom
FINN-kode
353148639
Sist endret
15. mai 2024 11:22