Instruktørtannlege (faste stillinger) ved Seksjon for oral protetikk

Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Stillingstittel
Instruktørtannlege (faste stillinger) ved Seksjon for oral protetikk
Frist
02.06.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?


Instruktørtannlege (faste stillinger) ved Seksjon for oral protetikk

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for klinisk odontologi, er det ledig faste stillingar (innan ei ramme på 80%) som instruktørtannlege med arbeidsstad for tida ved Seksjon for oral protetikk. Det kan vere mogleg å dele stillinga.

Søkjar må opplyse kva stillingsprosent ein ønskjer, og kva arbeidsdagar som er aktuelle.

Søkjarar som er tatt opp på spesialistprogrammet i oral protetikk vert prioritert.

Det vert kravd politiattest ved tilsetjing, etter helsepersonelloven §20 a).


Arbeidsoppgåver:

Arbeidet omfattar klinisk og teoretisk (i form av seminar og demonstrasjonar) undervisning av kandidatar og studentar, delta i behandling av institusjonen sine pasientar, og rettleiing og vurdering av kandidatar og studentar både praktisk og teoretisk. I tillegg vil det vere aktuelt å vere med på å utvikle instituttet ved deltaking i prosjekt og utval. Det vil vere høve til å delta i faglege fora.


Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:
  • norsk autorisasjon som tannlege ved tilsetjingsdato
  • minimum to års erfaring frå allmenn praksis som tannlege i skandinavisk land
  • undervisningserfaring er eit ønskje
  • må meistre norsk munnleg og skriftleg
  • det er ein klar føremon at søkjar har anna ekstern stilling for å oppretthalde eigne kliniske ferdigheiter

Den som vert tilsett må kunne arbeide sjølvstendig, vere ansvarsmedviten, fleksibel og ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Ved vurderinga vert det lagt vekt på personlege eigenskapar.

Undervisningsspråket er til vanleg norsk

For stillingane gjeld Retningslinjer for stilling som instruktørtannlege ved Universitetet i Oslo og Bergen.


Vi tilbyr:
  • spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • løn for tida kr 646 000 (kode 1015) i lønsregulativet i staten, eller kr 692 400 for søkjarar som har spesial-/spesialistkompetanse (kode 1353). Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:
  • søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga
  • kva stillingsbrøk du ønskjer, og kva dagar du kan arbeide
  • oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
  • kopi av vitnemål, autorisasjon og relevante attestar
  • søkjarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

seksjonsleiar professor Morten Berge, tlf.: +47 55 58 66 36, e-post: morten.berge@uib.no

Ved tilsetjing må politiattest som ikkje er eldre enn 3 månader leggjas fram, etter helsepersonelloven § 20 a)

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.

Nærare om tilsettingsprosessen her.


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
3
Sted
Årstadveien 19, 5009 Bergen
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Tannhelse, Ledelse
FINN-kode
353147910
Sist endret
15. mai 2024 10:46