Inaktiv

Undervisningsleiar - 100% fast

Arbeidsgiver
Alver kommune
Stillingstittel
Undervisningsleiar - 100% fast
Frist
26.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Om stillinga

Rossland skule har ledig 100% fast stilling som undervisningsleiar for ungdomstrinnet frå 01.08.2024.
Leiarteamet består av rektor og to undervisningsleiarar. Til stillinga ligg det i dag 60% leiing og 40% undervisning, men fordelinga kan bli endra ut frå skulen sine behov.

Rossland skule er ein fantastisk stad å jobbe! Den ligg på Rossland, berre 20 minutt frå Knarvik, og tilbyr eit inkluderande og engasjerande læringsmiljø. Med omlag 227 elevar og 50 dedikerte tilsette, er vi opptatt av å gje den beste utdanninga og omsorga til elevane våre. I tillegg har skulen ein populær skulefritidsordning med omlag 42 barn og 7 tilsette


Arbeidsoppgåver

Som undervisningsleiar vil du vere ansvarleg for skulen sitt ungdomstrinn. Saman med rektor vil du leie utviklingsprosessane som pågår, i tillegg til å sørge for den daglege drifta. Du får også moglegheita til å følgje opp elevane som høyrer til ditt trinn, og du vil ha ansvar for dei tilsette som jobbar der.Det ligg også ansvar for vikarinnhenting til stillinga.
Med hovudansvaret for fag- og resultatoppfølging, timeplanlegging og pedagogisk praksis som samsvarer med skulen sin og skuleeigaren sin målsetjing, vil du også delta i våre utviklingsgrupper og ressursteam.


Kvalifikasjonskrav

Me ser etter søkjarar med relevant pedagogisk bakgrunn og erfaring, helst frå ungdomsskulen.
Leiarutdanning og/eller erfaring er ein fordel.
God kompetanse i norsk, både skriftleg og munnleg, er naudsynt.

Ønskt kompetanse
Me søkjer ein undervisningsleiar med gode relasjonelle ferdigheiter, eit positivt syn på læring og elevane, og evna til å handtere travle dagar med respekt og forståing for enkeltelevar og kollegaer. Du må vere sjølvstendig, løysingsorientert og ha utmerka samarbeidsevne. Vidare må du være opptatt av å leie og bidra til eit godt arbeidsmiljø, samt vere tydeleg og kommunikativ i møte med elevar, føresette og kollegaer. Personlege eigenskapar vert vektlagt i tilsetjinga.


I tråd med opplæringslova vert det stilt krav om politiattest ved tiltrede


Vi tilbyr

Bli ein del av vårt inspirerande arbeidsmiljø med ei gruppe kollegaer som legg vekt på inkludering og arbeidsglede. Vi tilbyr ein spennande jobb med varierte oppgåver og optimale vilkår for fagleg utvikling.

Vårt engasjerte leiarteam har ikkje berre fokus på di faglege vekst, men også på elevens læring og trivsel. Saman utgjer vi eit kompetent profesjonsfellesskap, der fagleg dyktige medarbeidarar jobbar tett saman for å skape ein meiningsfull arbeidsatmosfære.

I tillegg bidrar ei fantastisk gruppe ungdom til eit positivt skulemiljø, og du vil oppleve støtte og oppfølging som nytilsett. Vi legg stor vekt på di utvikling, med moglegheiter for relevant vidareutdanning og leiarutvikling.

Våre løns- og tilsetningsvilkår overheld gjeldande lover og avtaleverk, og som ein IA-bedrift i Alver kommune forpliktar vi oss til å skape eit inkluderande arbeidsmiljø.

Bli med oss og forma di karriere i eit positivt, støttande og utviklingsorientert fellesskap!


Sektor
Offentlig
Sted
Skintveitvegen 11, 5917 Rossland
Stillingsfunksjon
Ledelse, Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
353147895
Sist endret
15. mai 2024 10:43