Inaktiv

Helsesekretær/sekretær

Arbeidsgiver
Poliklinikk psykisk helse DPS Volda, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Helsesekretær/sekretær
Frist
28.05.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Poliklinikk psykisk helse DPS Volda har ledig vikariat i eit år som helsesekretær/sekretær i ekspedisjonen frå august 2024 tom juli 2025, eller etter avtale med seksjonsleiar.

Gode mulegheiter for fast ansetting.

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til CV.



Arbeidsoppgåver

  • Ta imot pasientar, lage referat, ordne praktiske gjeremål, ta imot betaling og ta imot beskjedar på telefon, e-post etc
  • Diverse arbeid i ulike datasystem er ein sentral del av jobben
  • Elektronisk handtering av tilvisingar og utsending av brev er også ein del av faste arbeidsoppgåvene. Du vil du vere eit bindeledd mellom pasienten og personalet elles

Helse Møre og Romsdal er i stadig utvikling, du som sekretær må difor vere positiv til endringar som skjer og lære
fort.

Kvalifikasjonar

  • Utdanning som helsesekretær/sekretær. Anna relevant praksis eller utdanning kan bli vurdert
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Ønskeleg med engelskkunnskapar, munnleg
  • Gode IT-kunnskapar er ein klar fordel då vi har mange ulike dataverkty
  • Erfaring med ulike program som vert nytta på sjukehuset vil vere fordelaktig; Helseplattformen, Checkware og Myway2pas t.d.

Personlege eigenskapar

  • Du har gode relasjonelle eigenskapar
  • Du er fleksibel og positiv til endringar
  • Du har gode samarbeidsevner
  • Du er serviceinnstilt
  • Du har evne til å arbeide sjølvstendig
  • Du har stor arbeidskapasitet
  • Du er strukturert

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell finn du Volda. Opplev dei ville og vakre Sunnmørsalpane som byr på alt frå enkle ruter og oppmerka stiar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit særs blomstrande kultur- og idrettsliv og eit framoverlent høgskule miljø. Det er gode kommunikasjonar med flysamband til Bergen og Oslo frå Ørsta/Volda lufthamn. Sjå meir om Volda her. - Og her

Kontaktinformasjon

Hallgrim Myklebust, Seksjonsleiar, +47 70 05 85 60, Hallgrim.Myklebust@helse-mr.no

Arbeidsstad

Kløvertunvegen 1

6100 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF



Referansenr.: 4814140725

Stillingsprosent: 100%

Vikariat

Startdato: 01.08.2024

Sluttdato: 31.07.2025

Søknadsfrist: 28.05.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Kløvertunvegen 1, 6100 Volda
Stillingsfunksjon
Kontor og administrasjon, Helsepersonell, Helsepersonell / Helsesekretær
FINN-kode
353147158
Sist endret
15. mai 2024 10:07