Inaktiv

Miljørettleiar/miljøarbeidar

Arbeidsgiver
Bremnes ungdomsskule, Bømlo kommune
Stillingstittel
Miljørettleiar/miljøarbeidar
Frist
29.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vil du vera med å styrke laget rundt eleven?
Bremnes Ungdomsskule har nær 400 elevar og 60 tilsette. Det er etablert gode fagmiljø på skulen som samarbeider om læringsmiljø og læringsresultat. Alle våre elevar skal oppleve meistring og at det er bruk for dei. Skulen har gjennom året mange positive fellesaktivitetar for å fremje eit godt skulemiljø. Me ønskjer no å styrka laget rundt eleven og søkjer difor etter miljøarbeidar/miljørettleiar i ca 70 % stilling frå 01.08.2024.



Arbeidsoppgåver

  • Støtte elevar i opplæringa og bidra med fagkompetanse i personalet
  • Oppfølging av enkeltelevar, familiar og grupper av elever
  • Utarbeide individuelle planar for elevar
  • Samarbeid mellom heim og skule
  • Samarbeid med ulike hjelpeinstansar

Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.

Kvalifikasjonar

  • 3.årig høgskuleutdanning/bachelor spes.ped/vernepleiar/barnevernspedagog eller tilsvarande eller:
  • Fagbrev som barne og ungdomsarbeidar
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne i norsk
  • Erfaring frå arbeid med elevar på ungdomssteget er ein fordel, anna erfaring vert vurdert

Personlege eigenskapar

  • God på kommunikasjon og samarbeid
  • Kan skapa gode relasjonar til elevar, føresette og tilsette
  • Tek ansvar, er fleksibel og løysingsorient
  • Er tydeleg og trygg vaksen i møte med elevar
  • Kunna sjå den enkelte elev sine utfordringar, planlegge og gjennomføre vidare oppfølging
  • Kunna følgje elevar i ulike situasjonar

Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga.

Me tilbyr

  • Varierte og spennande arbeidsoppgåver i ein flott kommune
  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Medlemskap med tilsettegoder i velferdsklubben

Anna

  • Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
  • Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Opplæringslova § 10-9
  • Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn

Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din. Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med rektor Christin Klubben tlf 95774456.

Kontaktinformasjon

Christin Klubben, Rektor, +47 957 74 456, christin.klubben@bomlo.kommune.no

Arbeidsstad

Idrettsvegen 91

5430 Bremnes

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Bømlo kommune



Referansenr.: 4814897819

Stillingsprosent: 70%

Fast

Startdato: 12.08.2024

Søknadsfrist: 29.05.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Idrettsvegen 91, 5430 Bremnes
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Omsorg og sosialt arbeid
FINN-kode
353143629
Sist endret
15. mai 2024 05:55