Fysioterapeut- 50% driftsavtale

Arbeidsgiver
Øystre Slidre kommune
Stillingstittel
Fysioterapeut- 50% driftsavtale
Frist
05.06.2024
Ansettelsesform
Selvstendig næringsdrivende

Beskrivelse

Øystre Slidre kommune har 3300 innbyggarar, og ligg i innlandet fylke. Eining rehabilitering og meistring har 9 tilsette, fordelt på 3 fysioterapeutar med driftsavtale, 2 kommunale fysioterapeutar, 1 ergoterapeut, 1 ambulerande vaktmeister og 1 hjelpepleiar.
Øystre Slidre kommune har ledig 50% stilling med driftsavtale. Det er moglegheit for å arbeide meir enn den utlyste stillinga ved klinikken. Stillinga er ledig frå 01.06.2024 og det er ønskeleg med snarleg tiltredelse.

Stillinga med driftstilskot har også ein rett til ytterlegare 30% når ein av fysioterapeutane går av med pensjon.

Stillinga med driftstilskot er lokalisert ved Øystre Slidre Fysioterapi på Heggenes, sentralt i kommunen. Klinikken består av 2 fysioterapeutar med driftsavtale; ei stilling på 87,5% og ei på 30%. Øystre Slidre fysioterapi deler eit godt utstyrt treningsrom med Frisklivssentralen som er i same lokale. I same bygg ligg legekontoret. Næraste nabo er Øystre Slidre helsetun – der den kommunale fysio- og ergoterapitenesta har base. Fysioterapiinstituttet er godt etablert med god pasienttilgang.
Det praktiserast ikkje goodwill mht. overdragelse.



Arbeidsoppgåver

Ny avtalefysioterapeut skal utøve fysioterapipraksis som følger relevant helselovverk, og på dei vilkår som kjem fram av ASA 4313. Dette medfører kunnskapsbasert undersøking og vurdering, individuell- og gruppebehandling, samt rehabilitering.

Fysioterapeuten skal eit ope behandlingstilbod til innbyggarane, og kunne tilby oppfølging av alle aldersgrupper. Det må eit tett samarbeid med andre aktuelle instansar, og pasienten må følgast på dei arenaer som er nødvendig for eit godt og helskapeleg pasientforløp. Det vert også forventa at fysioterapeuten bidreg til utvikling av fysioterapitenesta i Øystre Slidre kommune.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjons som fysioterapeut
  • Kompetanse og brei erfaring innan nevrologi er ein fordel
  • Kompetanse og erfaring innan muskel- og skjelettplager
  • Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
  • Ha tverrfagleg kompetanse og evne til samhandling med andre
  • God kunnskap om lov om kommunale helse- og omsorgstenester og annan relevant helselovgiving
  • God kunnskap om ASA 4313 og Forskrift om funksjons- og kvalitetskrav for fysioterapeutar med kommunal driftsavtale

Personlege eigenskapar

Det blir lagt vekt på personlege egenskapar

  • Evne til å jobbe sjølvstendig, imøtekomande og empatisk i møte med pasientar
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Fagleg trygg, audmjuk og åpen for din rolle i tverrfagleg samarbeid
  • Fleksibel i forhold til arbeidsoppgåver og endringar
  • Fagleg engasjert og motivert for kontinuerleg oppdatering og utvikling
  • Ynskje å bidra til utvikling av fysioterapitenesta i kommunen

Vi tilbyr

  • Godt arbeidsmiljø i ein liten gruppepraksis
  • Tett samarbeid med kommunal fysio- og ergoterapiteneste
  • Godt opparbeida pasienttilgang
  • Tilgang på eit godt opparbeida treningsrom


    Driftsavtala blir regulert av den til ei kvar tid gjeldande ASA 4313.
    Praksisen skal drivast etter lov om kommunale helse- og omsorgstenester, Forskrift om funksjons- og kvalitetskrav for fysioterapeutar med kommunal driftsavtale, ASA 4313 og kommunen sitt planverk for helse- og omsorgstenester.
    Det er krav om politiattest som ikkje er eldre enn tre månader i samsvar med helsepersonell loven §20A fyrste ledd.

Kontaktinformasjon

Marie Bjørneseth Storrusten, Avdelingsleiar, +47 93230895

Arbeidsstad

Bygdinvegen 2134

2940 Heggenes

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune



Referansenr.: 4814998890

Stillingsprosent: 50%

Fast

Søknadsfrist: 05.06.2024


Sted
Bygdinvegen 2134, 2940 Heggenes
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Sykepleier, Helsepersonell / Fysioterapeut
FINN-kode
353121835
Sist endret
15. mai 2024 07:27