Inaktiv

Driftsoperatør vatn og avlaup

Arbeidsgiver
Osterøy kommune
Stillingstittel
Driftsoperatør vatn og avlaup
Frist
26.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Om stillinga

Osterøy kommune søkjer etter driftsoperatør til fast stilling på VVA- avdelinga, med oppstart frå 01.06.2024.
Vår avdeling for veg, vatn og avlaup består i dag av 6 personar, desse er fordelt med 2 stk på veg og 4 stk på
VA.
Oppgåva vår er blant dei viktigaste tenestene ein kommune i dag leverer til sine innbyggjarar, nemleg trygt
drikkevatn. Til dette har me 4 vassbehandlingsanlegg som skal driftast og vedlikehaldast, samt 3
avlaupsreinseanlegg og fleire kilometer med vassleidning og avlaupsleidning.
Som ny medarbeidar vil du få naudsynt opplæring i prosessar og tilhøyrande tekniske installasjonar for å
kunne delta i den daglege drifta og i obligatorisk vaktordning.


Arbeidsoppgåver
  • Drifte og styre prosesser og utstyr ved reinseanlegg og vassverk
  • Overvaking av drift, akkreditert prøvetaking, rapportering, lekkasjesøk mv.
  • Vedlikehald og reparasjonar av teknisk utstyr
  • Drift, ettersyn og vedlikehald av pumpestasjonar, leidningsnett, vassverk og reinseanlegg mv.
  • Utføre internkontroll i FDV
  • Delta i vaktordning for veg, vatn og avlaup
  • Andre oppgåver innanfor avdelinga kan tilkomma

Vi tilbyr
  • Løn etter tariff
  • Gode pensjons og forsikringsordningar
  • Nye og flotte lokalar, med kontor lager, garderobar og treningsrom
  • Positivt arbeidsmiljø med gode kollegaer

Kvalifikasjonskrav
  • Krav om fagbrev som røyrleggjar
  • Ønskjeleg med relevant fagskule
  • Erfaring frå offentleg sektor er å føretrekkja
  • Førarkort kl. B er eit krav

Kven er du?
  • Du er engasjert og villig til å læra
  • Du har evne til å rakst setja seg inn i arbeid med ulike data-/styringssystem
  • Du kan jobba både i eit team og sjølvstendig
  • Du er resultatorientert og serviceinnstilt

Offentleg tenestepensjon

I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut!

Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar!

Sjå vår Pensjonsguide for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg!


Sektor
Offentlig
Sted
Osterøyvegen 905, 5281 Valestrandsfossen
Stillingsfunksjon
Håndverker, Annet, Ingeniør
FINN-kode
353063871
Sist endret
14. mai 2024 12:28