Inaktiv

Lege i spesialisering

Arbeidsgiver
Medisinsk legeteneste FSS, Helse Førde
Stillingstittel
Lege i spesialisering
Frist
29.05.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Medisinsk legeteneste ved Førde sentralsjukehus har ledig årsvikariat for lege i spesialisering (LIS 2/3) frå 02.09.2024.

Det er ønskjeleg med søkjarar som ser føre seg framtidig overlegearbeid i Medisinsk avdeling, Helse Førde. For alle spesialitetar, utgjer LIS 2 indremedisin naudsynt basis og høve til å prøve ut kva framtidig spesialitet ein ønskjer. Viser elles til gjeldande avtaleverk for legar i spesialisering.

Seksjonen har 14 overlegestillingar, 10 LIS 2-stillingar og 8 LIS1 og er godkjend for spesialisering/LIS 3 innan kardiologi, nefrologi, gastroenterologi og lungesjukdomar. Det er søkt om godkjenning for utdanning innan akutt-og mottaksmedisin (AMM) og framhald av godkjenning innan generell indremedisin. For tida er det 6 LIS 3 i spesialisering utover nemnde stillingar. AMM er under oppbygging som spesialitet i Helse Førde og har ein viktig funksjon i styring av pasientflyt i akuttmottak og i oppfølging av observasjonspost. LIS 3 og erfarne LIS 2 tek del i eigen AMM-plan. Frå hausten 2024 blir det innflytting i nytt sengepostbygg.



Arbeidsoppgåver

  • Arbeidsoppgåvene er knytt til akuttmottak, sengepost, overvakingssenger, medisinsk intensivavdeling og til poliklinikk
  • Vakthavande LIS 2 kan bli rådspurt i høve innleggingar for dei medisinske seksjonane ved lokalsjukehusa i Lærdal og på Nordfjordeid
  • Det er utstrakt tverrfagleg teamarbeid både i vakt-, sengepost- og poliklinisk arbeid og AMM-lege er sentral samarbeidspart til LIS 2-vakta

Kvalifikasjonar

  • For stillinga krevst det dokumentert autorisasjon
  • Søkjar må vere autorisert til å jobbe som LIS 2 og må ha gjennomført LIS 1-teneste i Noreg
  • Erfaring som LIS frå indremedisinsk avdeling er ein fordel
  • Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg
  • Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Du må ha gode samarbeidsevner, vere fleksibel og like å jobbe i eit tidvis hektisk miljø

Vi tilbyr

  • Tett og godt samarbeid med LIS og overlegar og med anna personell i avdelinga
  • Støttande og trygt arbeidsmiljø
  • Kontinuerleg fagutvikling og utdanningsverksemd for LIS 1-3
  • Grunnløn etter tariff
  • Individuelt tillegg kr 30.000,-
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Hildur Thingnes, Seksjonsleiar medisinsk legeteneste FSS, 578 39 317

Arbeidsstad

Svanehaugvegen 2

6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Førde



Referansenr.: 4814568360

Stillingsprosent: 100%

Vikariat

Søknadsfrist: 29.05.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
Stillingsfunksjon
Lege, Helsepersonell, Lege / Overlege
FINN-kode
353063061
Sist endret
15. mai 2024 06:29