Bli lærling i barne- og ungdomsarbeidarfaget

Arbeidsgiver
Tysnes kommune
Stillingstittel
Lærling i barne- og ungdomsarbeider
Frist
02.06.2024
Ansettelsesform
Lærling

Beskrivelse

Vil du vera med å gje barn og unge i Tysnes kommune gode oppvekstvilkår?

Me har hatt lærlingar hos oss i fleire år, og kan tilby ein spanande arbeidsplass med dyktige, engasjerte kollegaer og rettleiarar. Du får god opplæring, og blir fulgt opp av ein fagperson på arbeidsplassen og ein koordinator i kommunen gjennom læreperioden.

Du føl dei opplæringsmodulane og fagplanane som er godkjent av Utdannings- og forskningsdepartementet for fagområdet.

Som lærling hos oss vil me legge tilrette for at du kan få praksis både frå barnehage og skule/SFO, med eitt år på kvar plass.

Me har opptil 3 læreplassar for perioden 2024-2026.



Arbeidsoppgåver

  • Planlegga, leia, gjennomføra og evaluera pedagogiske aktivitetar for barn og unge i samarbeid med personalet.
  • Skapa gode samspelssituasjonar for barn og unge, delta i aktivitetar og leik, vere med på turar og hjelpa barn og unge å løyse konfliktar.
  • Jobba med alle kompetansemåla i læreplanen og planlegga, dokumentera og evaluera desse.

Kvalifikasjonar

  • Du har fullført og bestått VG2 barne- og ungdomsarbeidarfaget, men andre søkjarar blir òg vurdert.
  • Framandspråklege søkarar må dokumentera gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
  • Søkjarar med ungdomsrett vil bli prioritert (dvs. dei under 24 år).
  • Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar
  • Godkjent politiattest frå dei som får tilbod om lærlingeplass

Personlege eigenskapar

Me søkjer etter deg som er nysgjerrig, fleksibel og samarbeidsvillig, viser forståing og evner å kommunisere med mennesker med ulik bakgrunn og i ulik livssituasjon. Det er viktig at du har som mål å bli god i faget ditt, at du lærer deg å arbeide sjølvstendig, er punktlig og tek ansvar for eiga læring.

Me tilbyr

  • Opplæring i barnehage og skule/SFO
  • Variert praksis med tett oppfølging og rettleiing
  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Kontaktperson med rettleiarkompetanse
  • Eigne samlingar for lærlingar
  • Moglegheiter for fag-/kompetanseutvikling
  • Løn iht. gjeldande lover, reglar og avtaleverk

Kontaktinformasjon

Wenche Fagerbakk, Einingsleiar barnehage, 95 74 83 74

Arbeidsstad

Uggdalsvegen 301

5685 Uggdal

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Tysnes kommune



Referansenr.: 4814842642

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 02.06.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
353060806
Sist endret
15. mai 2024 06:22