Inaktiv

Undervisningsstilling tilrettelagt opplæring

Arbeidsgiver
ASK - Adm. (Stab), Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Undervisningsstilling tilrettelagt opplæring
Frist
27.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Askøy vidaregåande skule er ligg sentralt i Kleppestø, og har omlag 680 elevar og omlag 100 tilsette. Våre utdanningsprogram er bygg-og anleggsteknikk, elektrofag, helse-og oppvekstfag, studiespesialisering og teknologi og industrifag. Vi har skuleåret 2023-2024 flytta inn i nye lokale med eit mangfald av mogelegheiter. Askøy vidaregåande skule har fokus på ein inkluderande praksis.
Skulen vil ha eit tett samarbeid med Askøy kommune om bruken av auditorium/kultursal og plass til elevar i vaksenopplæringa.
Vi har ledig inntil 2 stillingar med undervisning knytt til individuelt tilrettelagt opplæring.


Arbeidsoppgåver

Arbeidet er knytt til opplæring og organisering for elevar med særlege tilretteleggingsbehov. Saman med andre lærarar og fagarbeidarar skal ein leggje til rette for og delta i gjennomføringa av både dagleglivstrening og opplæring i fag. Organiseringa kan være både individuelt og i gruppe.
Sentrale arbeidsoppgåver er: Samarbeide med personalgruppa om å skape ein skulekvardag med læring, trivsel og utvikling for elevar med samansette utfordringar. Planlegge og gjennomføre opplæring i tilrettelagt gruppe. Utarbeide individuelt tilpassa planar for kvar elev.



Kvalifikasjonar

Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse. Det er er ønskjeleg med utdanning som spesialpedagog og/eller vernepleiar. Erfaring frå arbeid ungdom med behov for omfattande tilretteleggjing vil bli vektlagt.

Personlege eigenskapar

Kunnskap/erfaring frå arbeid med menneske med nedsett funksjonsevne og evne til å bidra til ny læring uansett utgangspunkt. Ha eit fokus på inkluderande aktivitet og legge til rette for at elevar med ulike føresetnadar kan oppleve fellesskap.
Du må ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, og vere fleksibel, løysingsorientert og lojal i ein travel kvardag.

Vi tilbyr

Løn etter avtale og gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår.
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Merk at alle stillingar ved skulen vert utlyst med atterhald om at utlyst tilbod vert igangsett. Dette vert avklart før tilsetting.



Kontaktinformasjon

Petter Tønjum, avdelingsleiar, +47 97585981

Arbeidsstad





Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune



Referansenr.: 4810803353

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 27.05.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
5300 Kleppestø
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
353060695
Sist endret
16. mai 2024 08:58