Butiltak psykisk helse har ledig stilling for miljøterapaut og helgestilling

Arbeidsgiver
Sunnfjord kommune Butiltak psykisk helse
Stillingstittel
Miljøterapeut fast stilling og helgestilling
Frist
02.06.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Ønsker du å jobbe i lag med flotte kollegaer i eit fagleg godt miljø?

Eininga Butiltak psykisk helse gjev tenester til dei med større hjelpebehov. Her er 2 avdelingar: Førde og Vassenden.
100 fast % stilling er utlyst er ved avdelinga i Førde. Helgestillinga er ved avd. Vassenden.
Avdeling Førde har 27 brukarar og 30 tilsette + vikarar. Personalbasen ligg på Prestebøen der mange av brukarane bur i omsorgsbustad. Nokre bur i bustader rundt om i Førde. Avdeling Vassenden har pr. i dag 4/5 brukarar og 8 tilsette + vikarar. Avdelinga har tilhald på eigen del av Vassenden omsorgssenter.

Vi har ledige stillingar:
  • 100 % fast stilling som miljøterapeut i eininga i avdelinga i Førde frå 19.08.2024. Vi tilbyr langvakter, og per i dag kvilande nattevakt.
  • 20 % helgestilling på avd. Vassenden. Arbeid kvar 4. helg. Her er langvakter, men nattevaktene vert dekka av Heimetenesta. Varigheit frå 19.08.2024 - 31.05.2025.
Arbeidsoppgåver:

Arbeidsoppgåver vil vere praktisk bistand og opplæring til brukarar. Vi jobbar brukarnært og mange av brukarane våre treng til tider tett og kontinuerleg oppfølging med trygge og føreseielege rammer. Dette inneber å hjelpe brukarar i dagleglivets gjeremål og vareta deira psykiske helse, samt delta på aktivitetar knytt til avdelinga. Primærkontaktarbeid og koordinator for enkeltbrukarar ligg også til stillinga i Førde. Dette betyr også samarbeid med tverrfaglege instansar og pårørande.

Vidare må ein følgje opp og dokumentere tenesteytinga etter kvalitetskrav, lovverk og kommunale retningslinjer.
Rettleiing av studentar inngår også i arbeidsoppgåvene til den faste stillinga.

Menn vert oppmoda om å søke, då vi ynskjer å ha ei jamnare fordeling av kvinner og menn i eininga vår.

Krav til søkar:

Til den faste stillinga søkjer vi primært etter sjukepleiar eller vernepleiar. Andre med relevant 3-årig høgskuleutdanning kan også søkje.

Helgestillinga på Vassenden med arbeid kvar 4.helg passar godt for ein assistent/ student/ pensjonist med interesse for/ eller erfaring frå psykiatri.

Krav til begge stillingane:

Førarkort kl. B

  • søkar må ha evne til kontaktskaping og relasjonsbygging
  • søkar må ha evne til å arbeide sjølvstendig, kunne ta initiativ og ansvar
  • søkar må ha gode samarbeidsevner
  • søkar må kunne arbeide tverrfagleg og i team
  • ha god datakunnskap
  • bidreg til eit positivt og godt arbeidsmiljø
  • personlege eigenskapar vektast høgt
  • gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsferdigheiter
Vi søker deg som:
  • erfaring/ vidareutdanning frå psykisk helsearbeid eller liknande
  • evne til å etablere god samhandling med fokus på ro, tryggleik og funksjonell kommunikasjon
  • likar utfordringar og varierte arbeidsoppgåver
  • er fleksibel og interessert i forbetringsarbeid
Vi tilbyr:
  • engasjerte kollegaer og leiarar
  • eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
  • fagleg fokus og varierte arbeidsoppgåver
  • god opplæring
  • langvakter
  • løn etter gjeldande avtaleverk
  • relevant vidareutdanning vil gi kompetansetillegg
  • gode pensjons- og forsikringsordningar

Godkjent politiattest av ny dato må leggjast fram før start i stilling.

Gje opp kva stilling du søker på.
Aktuelle søkarar vert kalla inn på intervju. Referansar vert etterspurt ved intervju.

Velkomen som søkar!

Du må søke elektronisk.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
6809 Førde
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell, Annet
FINN-kode
353058948
Sist endret
15. mai 2024 06:18