Inaktiv

Brannkonstabel, deltid

Arbeidsgiver
Tysnes kommune
Stillingstittel
Brannkonstabel, deltid
Frist
30.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Ønskjer du å bidra når hjelpa verkeleg er behov for? Då kan det vere det er deg me søkjer etter!

Tysnes kommune har ledig tre deltidsstillingar i 2,8 % som brannkonstabel ved Tysnes brann og redning. Me ser etter kandidater som har ei genuint ønskje om å gjera ein skilnad i samfunnet og som vil vere med å vidareutvikla Tysnes brann- og redning til å bli enda betre.

Tysnes brann og redning skal på kort varsel rykkja ut for å redde liv, helse, miljø og materielle verdier. Tenesta er dimensjonert i samsvar med brann og redningsvesenforskrifta, som mellom anna byggjer på antal innbyggjarar og risiko-objekt. Det er ikkje kasernert vakt og tenesta er basert på deltidstilsett personell. Alarmering/melding skjer via 110, og heile styrken vert kalla ut ved varsling.

Stillinga som brannkonstabel har storleik 2,8 prosent og utgjer 58 øvingstimar på kveldstid. Utrykningar og mannskapsmøter kjem i tillegg og vert godtgjort i samsvar med avtaleverk.

Tal på stillingar kan avvika noko frå lysinga.



Kva går stillinga ut på?

  • Delta i innsats i samband med ulykker og brann.
  • Delta på øvingar og anna førebyggande aktivitet.
  • Bidra i vedlikehaldsarbeid på stasjonen og med ettersyn av materiell.

Kva kompetanse er viktig i rolla?

Må ha:

  • Bu i nærleiken av brannstasjon
  • Vere fysisk og psykisk skikka til ein utfordrande og krevjande teneste, med haldningar som er god foreint med brann og redningsvesenet sine oppgåver.
  • Ha førarkort kl. b
  • Beherska norsk, skriftleg og munnleg
  • Vera villig til å gjennomføra lovpålagd utdanning/kurs, samt anna relevante kurs for stillinga.

Ønskjeleg:

  • Erfaring frå brann- og redningsarbeid
  • Grunnkurs, NKSK
  • Kompetansebevis for utrykningskøyretøy kode 160
  • Førarkort kl. C

Dersom ein deltek i røydykkarteneste, må ein bestå test for røykdykkarar samt visa til godkjent helsesjekk.

Kva ser me etter hos deg?

Me er avhengig av tydeleg kommunikasjon og gode samarbeidsevner, og søkjer etter deg som er ein lagspelar. Du må vere raus, inkluderande og ha gode mellommenneskelege eigenskapar. Ut frå at stillinga kjem i tillegg til eit hovudarbeid, er det viktig for oss at du har ei genuin interesse og eit engasjement for å delta i teneste innan brann og redning. Det vert også lagt vekt på eigenskapar som løysingsorientert, fleksibilitet og evna til å jobbe sjølvstendig.

Kvifor skal du jobba hos oss?

    Ønskjer du arbeidsoppgåver med meining og som utgjer ein skilnad for samfunnet? Trivast du med utfordrande, spanande og varierte oppgåver? Då trur me at du vil trivast hos oss! Tysnes brann og redning er ein spanande og triveleg arbeidsplass med ei inkluderande og engasjert kollegagruppa. Me er oppteken av kvar enkelt si rolla i avdelinga, på å bygga eit godt lag, alltid med fokus på kontinuerlig forbetring. Sjølv om stillingsprosenten er låg, er engasjementet og interessa for oppgåvene heilt avgjerande når krisa oppstår. Brannkonstablar vert tilbudt kurs og opplæring.

    Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med gjeldande lovverk og tariffavtalar. Ettersom det er viktig med ei fysisk god helsa, vert det gjeve medlemskap på SvingenPuls.

    Tilsetjing hos oss gjer deg medlemskap i KLP - Kommunal Landspensjonskasse. Det betyr blant anna at du får ein av dei beste pensjonsordningane i Noreg, og høve til å søkje om bustadlån med gunstige vilkår.

    Dersom du synes dette verkar som ei spanande stilling eller det er noko du lurar på etter å ha lest annonsa? Ta gjerne kontakt med oss som står oppført som kontaktpersonar i annonsa.

    Kontaktinformasjon

    Torfinn Kongsvik, Brannsjef, +47 97 52 99 65

    Arbeidsstad



    Tysnes

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Tysnes kommune



    Referansenr.: 4814092448

    Stillingsprosent: 2,8%

    Fast

    Søknadsfrist: 30.05.2024


    Sektor
    Offentlig
    Antall stillinger
    3
    Sted
    5685 Uggdal
    Stillingsfunksjon
    Sikkerhet, Annet, Brannvern
    FINN-kode
    353058698
    Sist endret
    15. mai 2024 06:21