Barne- og ungdomsarbeidar / helsefagarbeidar / assistent ved Vigra skule og SFO 

Arbeidsgiver
Giske kommune, Vigra skule
Stillingstittel
Barne- og ungdomsarbeidar / helsefagarbeidar / assistent ved Vigra skule og SFO
Frist
30.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Frå 01.08.2024 har vi ledig fast 100 % stilling og 2 x 100 % engasjement ved Vigra skule og SFO. I tillegg har vi ledig 50 % engasjement i skulen. Alle tre engasjementstillingane gjeld skuleåret 2024/2025.

50 % stillinga i skule følgjer skuleruta med avkorta løn, og dei andre stillingane har normalarbeidsår. Oppgi i søknadsteksten dersom du ikkje søkjer alle stillingane.

Vigra skule er ein 1-7 skule med om lag 194 elevar, rundt 73 av desse går i SFO. Visjonen til Vigra skule og SFO er, "Vi flyg saman". Fokuset er at alle er med og at vi hjelper kvarandre med å utnytte læringspotensialet vårt, både fagleg og sosialt. Satsingsområdet i oppvekst i Giske kommune er inkluderande praksis, som handlar om å tilpasse læringsmiljøet til mangfaldet hos barn og elevar, og å gi alle ei reell moglegheit til å vere deltakar i det faglege og sosiale fellesskapet.

Skulen er fulldigitalisert med nettbrett 1:1.

I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.

Det er krav om politiattest av ny dato.

Dokumentasjon på utdanning og praksis skal sendast i lag med søknaden.



Kvalifikasjonar

  • Vi ønskjer helst søkjarar med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller helsefagarbeidar, men andre kan også søkje.
  • Må kunne bygge gode, trygge relasjonar og kunne stå i det òg når ein vert utfordra.
  • Kunne kommunisere klart og tydeleg på ein måte som etablerer god dialog.
  • Vere trygg i konflikthandtering.
  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
  • God digital kompetanse.

Personlege eigenskapar

  • Evne til å skape gode relasjonar og tillit.
  • Evne til å møte barnet der det er.
  • Vilje og evne til fleksibilitet, løysingsviklje og til å ha barn sitt beste i fokus.
  • Gode samarbeidsevner med barn og vaksne.

Vi tilbyr

  • Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.

Kontaktinformasjon

Karianne Oline Farstad, einingsleiar / rektor, +47 41702309

Arbeidsstad

Postvegen 455

6040 Vigra

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Giske kommune



Referansenr.: 4806161023

Stillingsprosent: 100, 50%

Fast, Engasjement

Søknadsfrist: 30.05.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
4
Sted
Postvegen 455, 6040 Vigra
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Helsepersonell, Barnehage / Barnehageassistent
FINN-kode
353058147
Sist endret
15. mai 2024 06:14