Inaktiv

Utekontakar - nyoppretta prosjektstillingar

Arbeidsgiver
Sogndal kommune Ungdomsavdelinga
Frist
09.06.2024
Ansettelsesform
Prosjekt

Beskrivelse

Velkommen til utfordrarbygda!
Sogndal kommune har akkurat fått tildelt prosjektmidlar til å opprette to 100% stillingar som utekontaktar i 2024.

Utekontaktane skal jobbe førebyggande og oppsøkande blant ungdom i alderen 13-24 år. Stillingane vil ha base på Sogndal kulturhus, og blir organisert i lag med ungdomsavdelinga. Utekontaktane skal vere til stades i nærmiljøet, og vil vere med å bygge eit trygt og godt oppvekstmiljø for barn og unge i heile Sogndal kommune. I tillegg får utekontaktane vere med å utvikle og etablere eit nytt tilbod, og bli ein del av eit fagmiljø for ungdomsarbeid som er under oppbygging.

Stillingane er eittårige engasjement, med moglegheit for forlenging. Utekontaktane vil samarbeide tett med både interne og eksterne aktørar, og bruke mykje tid ute i nærmiljøet med ungdom og unge vaksne.

Arbeidet er ein del av Sogndal kommune sitt mål om å vere best på oppvekst.

Ansvars- og arbeidsområde til stillinga

  • Førebyggande, oppsøkande miljøarbeid på arenaer der ungdom og unge vaksne ferdast

  • Bygge relasjonar både til ungdom og unge vaksne, og til andre aktørar som jobbar med målgruppa

  • Kartleggingsarbeid og tverrfagleg samarbeid med andre aktørar som jobbar med ungdom og unge vaksne

  • Bidra til utvikling av Utekontakt tilbodet og eit godt fagmiljø

  • Kommunikasjon og formidlingsarbeid, både eksternt og internt

  • Relasjonsbygging og rettleiingsarbeid

  • Oppfølging av- og samarbeid kring utsett ungdom

  • Det må påreknast arbeid på dagtid, kveldstid og helg.

Ønska kvalifikasjonar

  • 3-årig utdanning innan sosial-, barnevern-, vernepleie-, pedagogisk eller helsefagleg kompetanse.

  • Anna relevant utdanning, kombinert med relevant erfaring og personlege eigenskapar kan vurderast.

  • Det er ein fordel med erfaring frå arbeid med barn og unge, oppsøkande arbeid og/eller rusarbeid

  • Ynskjeleg med kompetanse innan rusarbeid, åtferdsproblematikk, skulevegring

  • Stillinga inneberer reiseverksemd i kommunen, søkar må ha førarkort.

  • Krav om gyldig politiattest

Personlege eigenskapar

  • Har god relasjonskompetanse og rolleforståing

  • Er trygg på deg sjølv i møte med andre

  • Er tydeleg, direkte og open i din kommunikasjon

  • Møter andre med respekt

  • Kan arbeide sjølvstendig og effektivt

  • Ansvarleg

  • Fleksibel

  • Evner å planleggje og styre din eigen arbeidsdag på ein produktiv måte

Me kan tilby deg:

  • Ein spennande jobb i eit godt arbeidsmiljø

  • Å få vere med å etablere og utvikle utekontakt-tilbodet og ungdomsarbeidet i kommunen

  • Ein variert, utfordrande og hektisk arbeidskvardag med meiningsfulle oppgåver

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

  • Løn etter avtale

  • Fleksibel arbeidstid

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vår EasyCruit.

Kontaktperson for stillinga

Håvard Ese Eliassen, kultursjef. Tlf 901 32 006

Jarle Teo Andersen, rådgjevar oppvekst. Tlf 908 56 372


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Dalavegen 2, 6856 Sogndal
Stillingsfunksjon
Omsorg og sosialt arbeid, Annet, Sosionom
FINN-kode
353057890
Sist endret
14. mai 2024 11:38