Inaktiv

Sjukepleiar

Arbeidsgiver
Akutt psykisk helse Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Sjukepleiar
Frist
21.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vil du vere med på laget vårt?

Akutt psykisk helse Ålesund har ledig to faste 80% stillingar for sjukepleiar. For tida på dag/kveld og arbeid kvar tredje helg. Oppstart så snart som mogleg.
Intern omrokkering kan gje andre ledige stillingar.

Avdeling for sjukehuspsykiatri Sunnmøre består av 5 seksjonar: Lokal Sikkerhetspsykiatri HMR, Utgreiing og Behandling, Akutt psykisk helse, Spesialisert habilitering Sunnmøre og Alderpsykiatri Sunnmøre.
Akutt psykisk helse Ålesund har 12 sengeplassar fordelt på to team, A og B. Stillingane er knytt til team A som i all hovudsak har alle mottaka. Seksjonen tek imot pasientar som treng augeblikkeleg hjelp. Seksjonen tilbyd óg utgreiing og behandling av pasientar med psykiske lidingar som treng døgnopphald. Seksjonen har eit nært samarbeid med andre seksjonar i føretaket og med førstelinetenesta. Vi jobbar tverrfagleg i team som består av psykiaterar, LIS 1 og LIS 3, vernepleiarar, sjukepleiarar, miljøterapeutar og helsefagarbeidarar.

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.



Arbeidsoppgåver

  • Arbeide lojalt etter oppsette behandlingsmål og tiltak for pasientgruppa
  • Halde seg oppdatert på seksjonen sine rutinar og prosedyrar
  • Obligatorisk kursing og trening i MAP (Møte med aggresjonsproblematikk)
  • Ansvarsvakt med dei oppgåver og ansvar det inneber
  • Delta aktivt i seksjonen si utvikling
  • Rettleiing (studentar og samarbeidspartar m.m)

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Ønskjeleg med vidareutdanning i psykisk helsearbeid eller anna form for vidareutdanning
  • Erfaring frå akuttpsykiatri er ein fordel
  • Må beherske norsk munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Du er god på samarbeid og kommunikasjon
  • Du er god på å skape allianse med pasientane
  • Du arbeidar sjølvstendig, men kan samstundes fungere godt i samarbeid med andre
  • Du må vere fysisk og mentalt i stand til å handtere utagerande pasientar
  • Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her

Kontaktinformasjon

Andreas Trædal, Seksjonsleiar, andreas.traedal@helse-mr.no

Arbeidsstad

Ålesund sjukehus

6026 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF



Referansenr.: 4814167782

Stillingsprosent: 80%

Fast

Startdato: 01.07.2024

Søknadsfrist: 21.05.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Ålesund sjukehus, 6026 Ålesund
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
353057320
Sist endret
15. mai 2024 06:13