Pedagogisk-psykologisk rådgjevar/Barnekoordinator

Arbeidsgiver
Austrheim kommune
Stillingstittel
Pedagogisk-psykologisk rådgjevar/Barnekoordinator
Frist
31.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Fensfjorden PPT er ei interkommunal teneste for Gulen, Masfjorden, Fedje og Austrheim. Tenesta har tilsett 8 dyktige, engasjerte og trivelege kollegaer. Barnekoordinator, logoped, og prosjektleiar for BTI ligg under PPT.

Me har ei overordna målsetting å bidra til at alle born opplever læring, meistring og inkludering i barnehage og skule. Førebyggjande arbeid er høgt prioritert og me er opptekne av å byggje gode lag kring born og unge med særlege behov. For å lukkast med dette skal tenesta jobbe tett på barnehage og skule. Me har difor behov for å utvide teamet vårt med ein ny engasjert kollega som kan kombinere kunnskap og erfaring med eit inkluderande perspektiv.

Barnekoordinator skal sørge for samordning av tenestetilbodet til familiar som har eller ventar born med alvorleg sjukdom, skade eller nedsett funksjonsevne, og som vil ha behov for langvarige og samansette eller koordinerte velferdstenester.

Fensfjorden PPT har no ei ledig kombinert pedagogisk-psykologisk rådgjevar (60 %) og barnekoordinator (40%) stilling, fast.


Arbeidsoppgaver
  • Bidra til å byggje gode lag kring born og elevar.
  • Gje støtte i det førebyggjande arbeidet.
  • Gje støtte, rettleiing og rådgiving.
  • Delta i tverrfagleg utviklingsarbeid.
  • Bidra med kunnskap og kompetanseutvikling.
  • Bidra i oppfølging av born med særskilde behov.
  • Utgreie og utarbeide sakkunige vurderingar der lova krev det.
  • Barnekoordinator skal sørge for samordning av tenestetilbodet.
  • Barnekoordinator skal ha oversikt over og bidra aktivt til å ivareta kommunens ansvar for naudsynt oppfølging og tilrettelegging for familien og barnet i form av tilbod om eller ytelse av helse- og omsorgstenester og andre velferdstenester.
  • Barnekoordinator skal sørge for at famile og born får naudsynt informasjon og heilskapleg rettleiing om ande velferdstenester.

Kvalifikasjonskrav
  • Mastergrad (hovudfag med relevante fag i fagkretsen pedagogikk/spesialpedagogikk/logopedi/psykologi). Anna relevant kompetanse vert også tatt til vurdering.
  • Utgreiingskompetanse er ønskjeleg.
  • Rettleiingskompetanse.
  • Erfaring frå arbeid i PPT og/eller barnehage/skule.
  • God evne til tverrfagleg samarbeid.
  • Du er fleksibel, har høg arbeidskapasitet og kan jobbe sjølvstendig og strukturert.
  • God innsikt i velferdstilboda og hjelpesystema.
  • Engasjert og nysgjerrig i å finne ut korleis hjelpeapparatet kan bidra og støtte familiar og born.
  • Gode norskkunnskaper, skriftleg og munnleg.
  • Førarkort kl B og kunne disponere eigen bil når bilen vår er oppteken.
  • Godkjend politiattest må framleggjast.

Vi tilbyr
  • Stor grad av sjølvstende med spanande og varierte arbeidsoppgåver.
  • Gode arbeidskollegaer med høg kompetanse.
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving i form av etter- og vidareutdanning.
  • Eigen bil.
  • Arbeidsvilkår og løn etter lover, reglar og avtaleverk.
  • God pensjonsordning, KLP.

Spørsmål om stillingen
  • Audhild Kolaas, Einingsleiar Telefon: 95270927 | E-post: audhild.kolaas@austrheim.kommune.no
  • Trine Jansen, Kommunalsjef for oppvekst og kulter Telefon: 97778017 | E-post: trine.merete.jansen@austrheim.kommune.no

Sektor
Offentlig
Sted
Sætremarka 2, 5943 Austrheim
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Omsorg og sosialt arbeid
FINN-kode
353055149
Sist endret
15. mai 2024 06:14