Inaktiv

Miljøterapeut

Arbeidsgiver
Tolomarka omsorg og avlastning
Stillingstittel
Miljøterapeut
Frist
02.06.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vil du bli vår nye kollega?


Me er eit forsterka bufellesskap for vaksne med utviklingshemming som er lokalisert i tidlegare Tolomarka barnehage. Her er det etablert tre skjerma omsorgsbustadar med romslege uteområder. Bebuarane får tenester etter behov og enkeltvedtak. Me er samlokalisert med kommunen si avlastning for barn og unge med funksjonshemming. Avlastninga held til i nye lokale som opna sommaren 2021. Me har 6 bebuarrom, eige sanserom og tilrettelagt uteområde med tilgang rett ut i turstiar og flott natur.Det er per i dag ca. 24 årsverk med tverrfagleg kompetanse innan vernepleie - sjukepleie - pedagogar og annan sosialfagleg høgskuleutdanning. Me har også fleire helsefagarbeidarar og barne- og ungdomsarbeidarar

  • Ledig fast 60 % stilling som miljøterapeut frå snarast. Me søkjer primært etter vernepleiar eller sjukepleiar, men dersom desse ikkje søkjer kan det verta aktuelt å tilsetja fagarbeidar med relevant erfaring, i miljøarbeidarstilling
  • Stillinga er for tida knytt til arbeid i bufellesskapet rundt vaksen brukar, men me jobbar også på tvers av brukarane i bufellesskap og avlastning
  • Dersom ein ønskjer kan stillingsprosenten aukast mot 100 %, ved å legge inn ekstra vakter og årsarbeidstid i turnusen
  • Stillinga er for tida i turnus med langvakter 3. kvar helg, samt kveldsvakter og langvakter på vekedagar

Vårt fokus er å skapa ein aktiv og meiningsfylt kvardag basert på brukarane sine individuelle behov. Som tilsett hos oss vil du få eit variert arbeid der du er tett saman med brukar på ulike arenaer. Mykje av arbeidet vårt foregår i team. Er du ein god lagspelar som ser løysningar og mogelegheiter? Då er det deg me ser etter!



Arbeidsoppgåver

  • Oppfølging av brukar sitt behov for hjelp og omsorg
  • Miljøterapi
  • Samarbeid med interne og eksterne støtteapparat
  • Ansvar for legemiddelhandtering, dosering, utforming av rutinar og tiltak
  • Vernepleiar/sjukepleiar vil få oppgåver og ansvar for kvalitetssikring av legemiddelhåndtering, dosering, utarbeiding av rutinar og tiltak og kontakt med fastlege og spesialisthelsetenesta
  • Rettleiing og opplæring av kollegaer

Kvalifikasjonar

Me ønskjer oss medarbeidarar med god fagkompetanse og eit sterkt engasjement.

  • Autorisert vernepleiar eller sjukepleiar, evt.fagarbeidar med relevant erfaring
  • Ha erfaring frå arbeid med personar med utviklingshemming
  • Vera ein solid fagperson som bidreg til utviklinga av eit godt arbeids- og fagmiljø
  • Vera trygg på deg sjølv i situasjonar som kan endra seg raskt, og som kan utvikla seg til utagering
  • Det er ynskjeleg at du har kurs iht å meistra utfordrande åtferd. (MAP-kurs eller tilsvarande.)
  • Kjennskap til lovverket i helse og omsorgstenestelova kap. 9.
  • Du må vera i god fysisk form
  • Førarkort klasse B
  • God skriftleg framstillingsevne og kommuniserer tydeleg språkleg
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg (tilsvarande B1)

Alle som yter tenester etter Helse og omsorgstenestelova skal levera politiattest av ny dato før tiltreding, jf. helse og omsorgstjenestelova § 5-4 og helsepersonellova § 20a. Ved tilsetjing skal det leggast fram vitnemål og attestar.

Personlege eigenskapar

  • Lojal og tolmodig
  • Trygg på deg sjølv og med gode relasjonsevner
  • Trivst med ein travel kvardag der situasjonar kan endra seg raskt
  • Ha ei genuin interesse for fagfeltet
  • Kunna jobba sjølvstendig, men også vera god på teamarbeid.

Vi tilbyr

  • Spanande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • Eit godt og inkluderande fagmiljø med vekt på utvikling
  • Tid til fagleg refleksjon og rettleiing
  • Leiarar som ser heilskap
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår

Generell informasjon

Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.

Kontaktinformasjon

Lars Kristian Skår, Gruppeleiar Tolomarka omsorg og avlastning, 970 79 638

Kjersti Soldal, Leiar for tenester til menneske med utviklingshemming, +47 948 86 215

Arbeidsstad

Furuflaten 4

5600 Norheimsund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kvam herad



Referansenr.: 4803851397

Stillingsprosent: 60%

Fast

Søknadsfrist: 02.06.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Furuflaten 4, 5600 Norheimsund
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell
FINN-kode
353044708
Sist endret
15. mai 2024 05:41