100% fast stilling som ungdomskoordinator i Vinje kommune

Arbeidsgiver
Vinje kommune
Stillingstittel
Ungdomskoordinator
Frist
02.06.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Har du engasjement og hjarte for ungdom og ungdomsarbeid? Då kan dette vere ein jobb for deg!


Me søkjer deg


  • som brenn for at ungdom skal ha ei givande og trygg ungdomstid
  • som er trygg, tydeleg og tillitsfull i vaksenrolla blant ungdom
  • som har ein pedagogisk og fagleg tilnærming til arbeid med barn og ungdom
  • som er fleksibel, kreativ, strukturert og serviceinnstilt
  • som er god på samarbeid med andre, både i prosjektarbeid og med utvikling over tid
  • som likar at det skjer mykje, og er god på å få både ungdomar og andre med deg på laget
  • som er allsidig og fleksibel, med stor gjennomføringsevne

Denne stillinga er ein spennande kombinasjon av administrasjon og aktivt ungdoms- og kulturarbeid, under den kommunale verksemda kultur og fritid. 30% av stillinga er som SLT-koordinator for Vinje kommune.


Dei viktigaste ansvarsområda i stillinga er:


  • Ungdomsarbeid i Vinje kommune
  • Oppfølging av ungdomsrådet i Vinje kommune
  • Samordning av lokale rus- og kriminalitetsførebyggjande tiltak (SLT) -- sjå konfliktraadet.no/SLT-modellen for meir informasjon
  • Barnerepresentant i plansaker i Vinje kommune
  • Handsaming av politiske saker som omhandlar ungdomsarbeid
  • Oppfølging av Vinje kommunes ungdomsstrategi
  • Vere til stades på ungdomsklubbane i Vinje, koordinere felles aktivitet og vere kontaktpunkt inn mot kommunen
  • Organisere ferieaktivitetar for barn og unge
  • Samarbeid med andre kommunar i Vest-Telemark
  • Koordinere ungdomsundersøkingar som til dømes Ungdata

I tillegg til ansvarsområda kjem det generelt kommunalt administrasjonsarbeid og tett samarbeid med dei andre fagområda i kommunalområdet, som til dømes næring, bibliotek, kulturskule, idrett, friluftsliv og kulturadministrasjon. Som SLT-koordinator har ein ei etablert arbeidsgruppe å støtte seg til.


Ungdomskoordinator har ansvar for sin eigen del av budsjettet til kultur og fritid.


Kva kvalifikasjonar ser me etter i deg?


  • Utdanning på høgskule- eller universitetsnivå. Relevant erfaring frå liknande arbeid kan kompensere for manglande utdanning.
  • God kjennskap til skulesektoren
  • Erfaring med prosjektarbeid og økonomistyring
  • Oppdatert på sosiale medium og nye trendar
  • Du har stor arbeidskapasitet og er budd på å måtte brette opp ermene og arbeide på kveld og i helg ved arrangement og liknande
  • God kunnskap om kulturfeltet og erfaring med å arrangere store og små arrangement
  • Trygg på bruk av programvare som til dømes Office og rask til å orientere deg i ny programvare
  • Du må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, samstundes som du har evne til å oppnå resultat i samarbeid med andre
  • Gode nynorskkunnskapar og god formidlingsevne, både munnleg og skriftleg
  • Førarkort klasse B (og disponere eigen bil)

Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar i vurderinga av alle søkjarar.


Det er krav om politiattest.


Me kan tilby


  • Løn etter avtale
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Hjelp til å skaffe husvære
  • Gode barnehagetilbod

I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.


Nærare opplysningar om stillinga ved verksemdsleiar kultur og fritid Kristian W. Rantala på telefon 949 83 823 eller e-post kristian.rantala@vinje.kommune.no


Søknad vert å sende på elektronisk skjema, sjå Vinje kommune sine heimesider.


Søknadsfrist: 2. juni 2024

Sektor
Offentlig
Sted
Vinjevegen 192, 3890 Vinje
Stillingsfunksjon
Ledelse, Annet, Kontor og administrasjon
FINN-kode
353042830
Sist endret
14. mai 2024 09:33