Inaktiv

Ynskjer du å vera leiar for SFO?

Arbeidsgiver
Voss herad Skulestad skule
Stillingstittel
60 % fast stilling som SFO-leiar ved Skulestad skule
Frist
28.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Har du lyst til å bli SFO-leiar på Skulestad skule?

Om arbeidsstaden

Skulestad skule er ein barneskule som ligg omlag 3 kilometer nord for Voss sentrum, skulen har omlag 180 elevar og kring 35 tilsette. Skulen er plassert tett på naturlege omgjevnader, med fjella Lønahorgi og Hanguren, Melsvatnet og alpinanlegget Bavallen i nærleiken.

Skulen jobbar kontinuerleg for å ha ein skulekultur som fremjar læring, trivnad og likeverd.

Skulen har eit stort uteareal, med eigen sykkelbane, ballbinge, fotballbanar, basketbane, grindbygg og leikeareal. Skulen legg til rette for læring gjennom leik og aktivitet, og er ofte ute på ute i undervisninga.

Stillinga følger skuleåret, og ein vil difor få11 % reduksjon for stilling som fylgjer skuleåret etter SFS 2201 pkt. 3.5.

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning, til dømes barnehagelærar eller fagbrev som barne og ungdomsarbeidar. Andre utdanningar vil også bli vurdert
  • Leiarerfaring
  • Erfaring med jobb med born og unge, helst innan skule
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
  • God munnlege og skriftlege dugleikar
  • Gode digitale dugleikar

Personlege eigenskapar

  • Kunne kommunisere godt med tilsette, elevar og føresette
  • Være kreativ og finne på kjekke aktivitetar med og for elevane våre
  • Ha gode samarbeidsevner
  • Vere strukturert og etterretteleg
  • Vere løysingsfokusert
  • Kunne rettleie andre i arbeidet
  • Ha humor og engasjement

Me tilbyr

  • Gode vilkår for fagleg utvikling
  • Eit svært godt tverrfagleg og sosialt miljø
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Eit godt kollegium
  • Gode vilkår for fagleg utvikling
  • Eit svært godt tverrfagleg- og sosialt miljø
  • Yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Gode pensjonsordningar
  • Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

Godkjend politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga.

Søknad

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.

Link til søknadsskjema: Søk her

Sektor
Offentlig
Sted
Strandavegen 334, 5710 Skulestadmo
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
353035250
Sist endret
14. mai 2024 12:09