Overlege psykosepoliklinikk/FACT

Arbeidsgiver
Bjørgvin distriktspsykiatriske senter/ Knarvik allmennpsykiatriske poliklinikk,
Stillingstittel
Overlege psykosepoliklinikk/FACT
Frist
09.06.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Har du lyst til å vere med å bygge opp vårt psykosebehandlingstilbod. Vi har nå tilsatt seksjonsoverlege og psykologspesialist. Vi ønsker å supplere teamet vårt ytterlegare med ein psykiater og psykologspesialist.
Du vil i stor grad kunne vere med å utforme behandlingstilbodet, og påverke korleis vi yter tenestene til
pasientgruppa.


Bjørgvin Distrikspsykiatriske senter (DPS) er ein del av Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen. Klinikken
gir psykiatriske spesialisthelsetenester til innbyggjarane i kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen,
Masfjorden, Modalen og Osterøy og i tillegg bydelane Arna og Åsane i Bergen kommune. Samla har
klinikken eit opptaksområde med om lag 80 000 innbyggjarar over 18 år.
Bjørgvin DPS har i 2023 eit budsjett på 159 millionar kroner, og 220 tilsette fordelt på 156 årsverk.
Klinikken er lokalisert på Tertnes i Åsane og i Knarvik i Alver kommune. Døgntilbodet er lokalisert på
Tertnes, medan polikliniske tenester blir gitt både i Knarvik og på Tertnes. Klinikken omfattar fagområda
psykose og allmennpsykiatri.

Bjørgvin DPS søker etter ein fagleg, engasjert og dyktige overlege i 100% fast stilling til fagområdet
psykose. Stillinga gir rom for alternativ tenking knytta til arbeidsplan. Dette inneber at ein kan arbeide
intensivt i periodar for så å ha fri i periodar på inntil 14 dagar samanhengande. I friperiodane vil det vere
noko ubunden arbeidstid som legen nyttar til førebuing. Legane styrer sjølve denne arbeidstida. Klinikken
har ei kognitiv behandlingstilnærming.



Arbeidsoppgåver

Bjørgvin DPS sine kjerneoppgåver er:

  • Spesialisert utgreiing og differensiert behandling
  • Opplæring av pasientar og pårørande
  • Rettleiing til den kommunale psykiske helsetenesta
  • Forsking, kvalitetsutvikling og utdanning av helsepersonell

Klinikken har for tida 11 legespesialistar og 20 psykologspesialistar. Vi ønsker å styrke
spesialistkompetansen ytterlegare. Vi legg til rette for kompetanseheving og etterutdanning for
spesialistar og vi har fokus på klinikknær forsking. Samarbeid med sjukehus, kommunar og
brukarorganisasjonar er ein viktig del av jobben

Bjørgvin psykosepoliklinikk/ FACT team:

  • Teamet er breitt, tverrfagleg samansett med overlegar, psykologspesialistar, psykologar, sosionomar, IPS
    konsulentar, spesialsjukepleiarar, vernepleiarar, musikkterapeut, ergoterapeut, fysioterapeut og
    erfaringskonsulent. Totalt er der 20 årsverk i poliklinikken/ FACT teamet
  • Seksjonen har pasientar i frivillig vern, pasientar som er under psykisk helsevern på tvang utan
    døgnopphald og pasientar som er domfelte til psykisk helsevern på tvang. Poliklinikken /FACT teamet har
    totalt 160 pasienter i behandling

Bjørgvin psykose døgnbehandling:

  • Eininga har ei velkvalifisert personalgruppe der den store majoriteten er høgskoleutdanna personale
    med vidareutdanning i psykisk helse og/eller rusproblematikk
  • Totalt har seksjonen 15 døgnplassar. Seksjonen har i tillegg psykolog, psykologspesialist, lege med
    spesialitet i allmennmedisin og sosionom

Kvalifikasjonar

  • Spesialist i psykiatri
  • Norsk autorisasjon som lege
  • Må meistre godt norsk, både munnleg og skriftleg
  • Ønskeleg med erfaring frå psykose
  • Ønskeleg med erfaring frå rettleiing av LIS

Personlege eigenskapar

  • Du er engasjert og løysingsorientert
  • Du er tilpassingsdyktig, effektiv og sjølvstendig
  • Du likar å jobbe tverrfagleg, både internt i eigen seksjon og med samarbeidspartnarar
  • Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Du trivst i eit aktivt og travelt miljø

Vi tilbyr

  • Ein spennande overlegestilling i ein veldreven seksjon med høg tverrfagleg kompetanse
  • Lønn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Wenny Karin Bernes, Seksjonsleiar, 90980134

Arbeidsstad

Tertnesveien 37

5113 Tertnes

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen



Referansenr.: 4814068262

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 09.06.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Tertnesveien 37, 5113 Tertnes
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Psykolog, Helsepersonell, Lege / Psykiater
FINN-kode
353032265
Sist endret
14. mai 2024 11:55