Dirigent Tu skulekorps

Arbeidsgiver
Klepp kommune, Kulturskulen
Stillingstittel
Dirigent Tu skulekorps
Frist
07.06.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Klepp kulturskule har ledig 24 % fast stilling som dirigent i Tu skulekorps

Dirigenten er tilsett i Klepp kulturskule, og har sin arbeidsplass på Tu skule, der korpset øver og har instruksjon.

Tu skulekorps er eit ambisiøst korps med positive vaksne og eit engasjert styre. Korpset har som mål og vera eit godt korps med spennande musikk og stort spenn i alder.

Korpset har 35 musikantar (janitsjar besetning) og har for tida stort fokus på rekruttering. Tu skulekorps øver kvar torsdag i flotte øvingslokaler på Tu skule.

Dirigenten vil få eit hovudansvar for å fortsetja den musikalske utviklinga av korpset i samsvar med årsplanen.

Kulturskulen har ein eigen seksjon for ansatte i skulekorpsa.




Arbeidsoppgåver

  • Dirigenten er korpset sin musikalske leiar, med ansvar for all musikalsk aktivitet.
  • Dirigenten må følgja opp skulekorpset musikalsk, med m.a. rekruttering, konsertar og konkurransar og ha tett kontakt med lærarar og styre. Samarbeid med junior- og aspirantmusikantane er òg ein del av stillinga.
  • Dirigenten skal, sørge for at korpset til ei kvar tid har eit godt repertoar i henhold til årsplanen.
  • Det er ynskjeleg at dirigent er aktiv også i kulturskulen sitt personale, og er eit bindeledd mellom korps og kulturskule.
  • Det er avgjerande at dirigenten kjenner til messing, treblås- og slagverksinstrument, og har god partiturkjennskap.


Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning frå høgskule eller universitet.
  • Dirigenterfaring, og elles erfaring med skulekorps.
  • Erfaring i å omarrangere/tilpasse stemmer til ulike nivå, for å gje alle meistring
  • Dersom du har eit anna morsmål enn norsk, må du dokumentera at du har eit språknivå tilsvarande B1. Gjeld ikkje søkarar med eit skandinavisk språk som morsmål.
  • God digital kompetanse.

Politiattest av nyare dato må leggast fram før oppstart.

Personlege eigenskapar

  • Trygg, varm vaksenperson, som kan skapa gode relasjonar til alle, og er bevisst eigne haldningar og verdiar.
  • Motivert og engasjert pedagog og kollega.
  • Bidreg positivt i personalet og korpset, med godt humør og faglege innspel.
  • Samarbeider og kommuniserer godt med korpset sitt styre, instruktørar og kulturskulen.
  • Vil vere med å utvikle faget, korpset og kulturskulen.
  • Personlege eigenskapar vil verte vektlagt.

Vi tilbyr

Klepp kommune har diverse velferdsordninger og gode pensjons- og forsikringsordninger.

Ansettelse skjer forøvrig på dei vilkår og med de plikter som fremgår av utlysing, og dei til en hver tid gjeldande lover, reglement og tariffavtaler.

Lønn i henhold til lokal lønnspolitikk

Kontaktinformasjon

Hans Willoch Bræin, Rektor, +47 99274473

Arbeidsstad

Solavegen 1

4351 Kleppe

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Klepp kommune



Referansenr.: 4814103631

Stillingsprosent: 24%

Fast

Startdato: 01.08.2024

Søknadsfrist: 07.06.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Solavegen 1, 4351 Kleppe
Stillingsfunksjon
Ledelse, Annet, Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
353029706
Sist endret
14. mai 2024 11:15