Inaktiv

Teaterpedagog - 40% fast stilling

Arbeidsgiver
Alver kommune
Stillingstittel
Teaterpedagog - 40% fast stilling
Frist
26.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Kort om stillinga:

Alver kulturskule har ledig 40% fast stilling som teaterpedagog frå 01.08.2024.
Han/ho som får tilbod om stillinga vert tilsett i Alver kommune, med tenestestad Alver kulturskule. Teaterundervisninga finn stad to dagar for veka etter grunnskulen si undervisingsdag; måndag ettermiddag i Meland Aktiv (Fosseskarvegen 4 på Frekhaug) og annan vekedag og undervisningsstad etter avtale. Me har godt tilrettelagte lokale for teaterundervisning.

Dersom det vert endring av elevgrunnlag eller personalsamansetjing ved skulen må evt. endring av undervisningsstad og stillingsinnhald kunne påreknast. Han/ho som blir tilsett har ôg plikt til oppmøte på stabs- og planleggingsmøta i kulturskulen som ein del av stillinga, talet møte vert rekna ut etter stillingsstorleik.


Om arbeidsplassen:

Kulturskulen i Alver er ein viktig del av kulturlivet i kommunen og har eit personale med svært høg kunstfagleg og pedagogisk kompetanse. Kulturskulen har i dag om lag 750 elevplassar innan kunstformane musikk, teater, dans og visuell kunst i tillegg til å vere ein samarbeidspart for dei ti skulekorpsa i kommunen.

Undervisninga er desentralisert, men hovuddelen av undervisninga vår finn stad på Manger, Frekhaug og i Knarvik og finn stad etter grunnskulen sin undervisningsdag.


Arbeidsoppgåver:

Undervisning av elevar i grupper samansett på grunnlag av alder, nivå og geografi i tillegg til samarbeid med andre kulturskuledisiplinar og lokalt lagsliv.

Tilrettelegging og utarbeiding av planar, møteverksemd og samarbeid med kulturskuleadministrasjonen.


Ønskt kompetanse:

Kulturfagleg og pedagogisk høgskuleutdanning innan teater/drama og relevant erfaring.

Personlege eigenskapar som engasjement og initiativ, og glede i å undervise born og unge vert vektlagt.

Me har norsk som undervisningsspråk og er ein nynorskkommune.


Sektor
Offentlig
Sted
Kvernhusmyrane 20, 5914 Isdalstø
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Annet
FINN-kode
353026113
Sist endret
14. mai 2024 10:15