100% vikariat i Aktiv jobb

Arbeidsgiver
Aktiv Jobb, Bremanger kommune
Stillingstittel
100% vikariat i aktiv jobb
Frist
09.06.2024

Beskrivelse

Vi har ledig eit 2-årig vikariat i 100% stilling, i Aktiv jobb frå september 2024, med mogelegheit for fast stilling. Vikariatet kan gjelde for avdelinga i indre og ytre.

Vi har to avdelingar i Bremanger kommune. Den eine avdelinga er i Svelgen, den andre på Aktivitetstunet på Hauge. På avdelinga i Svelgen har vi bakeri, kafé og snikkarverkstad. På Aktivitetstunet på Hauge har vi garnskjering og trykk på koppar og t-skjorter.

På begge avdelingane driv vi med miljøretta arbeid med tilrettelegging av arbeidsplassar for personar som ikkje kan være i ordinært arbeid.

Om du ønskjer å vere tilkallingsvikar i Aktiv jobb, ber vi deg om å ta kontakt med oss.



Arbeidsoppgåver

  • Direkte brukarretta arbeid
  • Samhandling internt og eksternt

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning innan helse - og sosialfag er ein fordel men ikkje eit krav.
  • Gode kommunikasjons - og samarbeidsevner.
  • Dei som vert tilsett må kunne nytte norsk munnleg og skriftleg godt, då kommunikasjon og dokumentering er ein stor og viktig del av arbeidet.
  • Opplæring vil bli gitt og det går heilt fint om du er en kreativ person som liker variert arbeid. Den som blir tilsett må kunne ta imot vegleiing og være fleksibel i arbeidsoppgåvene.
  • Må ha førarkort klasse B.
  • Den som vert tilsett må legge fram politiattest av nyare dato.

Vi legg stor vekt på personleg eignaheit.

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø der du vil møte gode kollegaer med godt humør og stå på vilje
  • God pensjon og gode lånevilkår gjennom medlemskap i Statens Pensjonskasse. SPK.no - Statens pensjonskasse for undervisningspersonale og KLP.no - Kommunal Landspensjon for andre. Ordningane ein får tilgang på kan bety mykje gjennom livsløpet.
  • Gode personforsikringar i arbeid og fritid
  • Gode moglegheiter for vidareutdanning, fagleg og personleg utvikling. Etter nærare avtale kan etter- og vidareutdanning gjennomførast med kompensasjon frå arbeidsgjevar
  • Senioravtale for tilsette over 62 år. Undervisningspersonale får 100 % løn med 80 % arbeidstid. Andre tilsette får 2 ekstra veker fritid, dvs totalt 8 veker ferie og fritid!
  • Hjelp til å finne bustad og barnehageplass
  • Frå hausten 2024 er barnehageprisen 1500 kr per månad, for barn nummer to vert det gjeve 30% søskenmoderasjon av betalingssatsen, for det tredje barnet og eventuelt fleire barn vert det gjeve 100% søskenmoderasjon av betalingssatsen. Løpande barnehageopptak gjennom året!
  • Gratis 12 timar SFO i veka for 1-2 klasse
  • Sjå ledige bustadtomtar i kommunen
  • Tilskot til bustadbygging Tilskotet er sett til kr 200 000 for bustadhus og kr 50 000 for kjøp av nybygt bustad i fleirbustadbygg

Kontaktinformasjon

Oddgeir Sande, Fagleiar, +47 95982930

Arbeidsstad

Gunnar Scheldrups veg 11

6723 Svelgen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Bremanger kommune



Referansenr.: 4811570126

Stillingsprosent: 100%

Vikar

Søknadsfrist: 09.06.2024


Sted
Gunnar Scheldrups veg 11, 6723 Svelgen
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Annet, Omsorg og sosialt arbeid
FINN-kode
353024163
Sist endret
27. mai 2024 10:38