Inaktiv

Tospråkleg assistent i barnehage, skule og SFO

Arbeidsgiver
Stryn Kommune
Stillingstittel
Tospråkleg assistent i barnehage, skule og SFO
Frist
26.05.2024
Ansettelsesform
Engasjement

Beskrivelse

Stryn kommune søker etter assistent som er tospråkleg og som meistrar ukrainsk og norsk. Er også ønskjeleg med språkkompetanse i engelsk. Ein skal støtte barn / elevar i integrering og språkutvikling i samarbeid med dei øvrige tilsette.

Engasjementsstillingar frå 01.08.2024 og i første omgang ut året, til 31.12.2024 ,men med mogleg vidareføring. Stillingane er ikkje knytt til ein fast arbeidsplass, ein må kunne arbeide på ulike einingar i kommunen.

Vi ser for oss å tilsette 3 personar i 50 - 60% stilling, der 1 skal ha hovedansvar i område Vikane, Olden, Loen og 2 tilknytt einingar i sentrum, Nordsida og Oppstryn.



Arbeidsoppgåver

Arbeidet i barnehage vil kunne vere knytt til avdeling for både små og store barn. Ein skal støtte opp om det pedagogiske og sosiale arbeidet rundt barnet.

I skulen vil arbeidet vere å støtte elevane i læringsarbeidet deira, både sosialt og fagleg.

Arbeidet vil innevere å vere til hjelp med å omsette frå norsk til morsmålet og støtte elevane i å lære norsk. Ein skal kunne arbeide både med barn/enkelt elevar og grupper av barn/elevar, og delta i aktivitetar for barna/elevane. Ein må også kunne delta i samarbeidet rundt barnet / eleven som til dømes foreldresamtale.

Ta del i dei daglege gjeremåla i barnehage, skule og SFO.

Kvalifikasjonar

Språkkompetanse i ukrainsk og norsk

Ønskjeleg med engelsk kompetanse

Ønskjeleg med førerkort og at ein disponerer eigen bil

Ønskjeleg med relevant utdanning og/eller erfaring i arbeid med barn

Krav om å legge fram politiattest av ny dato ved tilsetting

Personlege eigenskapar

Skape gode og trygge relasjonar til barn, elevar og føresette

Ha engasjement for arbeid med barn og unge

Gode samarbeidsevner

Vere fleksibel og bidra til gode løysingar

Kunne arbeidet sjølvstendig men også i team

Personlege eigenskapar vert vektlagt

Vi tilbyr

Spennande og varierte oppgåver

Tilsetting etter gjeldande lover, tariffavtaler og reglement

Løn etter tariff

Gode pensjonsvilkår i KLP

Kontaktinformasjon

Eva Sefland, Nestleiar oppvekst , 91129033

Arbeidsstad

Tonningsgata 4

6783 Stryn

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stryn Kommune



Referansenr.: 4812141410

Stillingsprosent: 50%

Engasjement

Startdato: 01.08.2024

Sluttdato: 31.12.2024

Søknadsfrist: 26.05.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
3
Sted
Tonningsgata 4, 6783 Stryn
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Annet
FINN-kode
353023817
Sist endret
14. mai 2024 09:42