TIlsetjing fagarbeider ved Solund barne- og ungdomsskule

Arbeidsgiver
Solund kommune Solund barne- og ungdomsskule
Stillingstittel
Fagarbeiderstilling i øyriket Solund, heilt vest i Noreg
Frist
02.06.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Solund, øyriket ytst i Sognefjorden. Vi har eit godt utvikla tenestetilbod i kommunesenteret Hardbakke med skule, barnehage, butikksenter og gode kommunikasjonar til fastlandet. Solund er eit eldorado for friluftsaktivitetar på både sjø og land, til dømes kajakkpadling og fotturar.

Ledig stilling som barne- og undomsarbeider, fast stilling

Solund barne- og ungdomsskule er ein 1-10 skule med 65 elevar, lokalisert på Hardbakke. Skulen har 4-delt barneskule og 2-delt ungdomsskule. Skulen har om lag 15 lærarstillingar og i tillegg kjem fagarbeidarar. Vi arbeider prosessorientert i utviklingsarbeidet vårt og prøver å ta med erfaringar vi gjer oss undervegs når vi skal til med endra praksis for å auke læringsutbytte hjå elevane. Ved SFO er det 15 - 18 elevar. Leksehjelp vert gjeve med ein time kvar veke.

Dette seier to erfarne barne- og ungdomsarbeidarar ved vår skule.

Ingrid. Å arbeide med menneske er utfordrande på så mange vis, og ingen dagar er like. Å få lov til å hjelpe og trygge barn i utvikling og sjå meistring, gjer arbeidet som barne- og ungdomsarbeidar til ei viktig rolle på skulen. Som barne- og ungdomsarbeidar på skulen får ein prøve seg i mange ulike roller og ein må kunne omstille seg etter situasjonen. Grensesetjing, handtering av konfliktar og vere ein tydeleg vaksen, er noko ein kjem bort i kvar dag. Eg får ta del i den daglege undervisninga, vere ei god støtte og hjelp for dei som treng litt ekstra. Eg kan vere den som har tid til å skape tryggleik, til samtale og til å lytte. Eg er gjerne den som skal tilrettelegge for leik og aktivitet i friminuttet, er med og observerer og er ei ekstra hand og støtte på tur. Som barne og ungdomsarbeidar deltek eg i team med dei du arbeider i lag med. Der vert planar og arbeidsfordeling for veka diskutert. Eg har ansvar for at elevane har det bra, og at skulen sine rutinar og reglar vert fylgde.

Erna. Du bør

  • like å vere saman med born og unge
  • vere leikande og levande, vere med på borna sin humor og glede i kvardagen
  • sjå kvar og ein, vere ein støttande og omsorgfull person, medmenneske
  • vise omtanke, prøve at alle må føle seg sett i kvardagen
  • like å samarbeide med både store og små
  • vere førebudd på uføresette handlingar og takle konfliktar
  • vere med å ta ansvar og vere støttande både for store og små
  • møte kvardagen med eit smil

Arbeidsoppgåvene er godt skissert av fagarbeidane som fortel over, og stillinga er ledig for den som vil verte del av vår personalgruppa og delta i arbeidet med å skape eit godt og trygt læringsmiljø for våre barn og unge.

Rektor, Gunnlaug, seier: Ved vår skule har vi fleire utdanna barne- og ungdomsarbeidarar. Dei deltek i arbeidet både opp mot einskildelevar og i elevgrupper. Ein vanleg arbeidssituasjon hjå oss er å ha kombinasjonstilling mellom SFO og skule. Dette gjer at du vert godt kjent med elevane i ulike situajsonar. Ved dei eldste trinna vert gjerne rolla meir av miljøskapande karakter. Det er fagarbeidaren som har ansvar for å følgje opp vidaregåande elevar som har praksis ved skulen og når vi har lærling er det fagarbeidaren som er instruktør.

Vi er ein liten skule, men kan møte utfordringar som større skular har. Den store forskjellen er at vi vert nok kjent med våre barn og unge på ein anna måte enn det større stader gjer. Om vår nye fagarbeider har vidareutdanning eller erfaring utanom barnehage eller skule, så er det berre spanande!

Vi ser fram til nytt skulebygg, eit bygg som skal vere innflyttingsklart august 2025. I det nye bygget vil det kome bibliotek, arbeidsrom til alle tilsette, speisalrom som heile skulen skal nytte samt at ungdomstrinna får eigne klasserom. Så skal det kome eit nytt og fint uteområde.

Kvalifikasjonar

  • har godkjent utdanning som barne- og ungdomsarbeider
  • har vidareutdanning eller erfaring med å arbeide med menneske
  • er trygg på det norske språket, både muntleg og skriftleg

Solund barne- og ungdomskule kan tilby

  • små klassar med kjekke elevar
  • foreldregruppe som bryr seg
  • idrettsbygg med volleyballhall
  • vatn i bassenget frå haustferien til ut april
  • gåavstand til Solund idrettspark med fotball- og friidrettsbane, klatrepark og diskgolfbane.
  • lite kø eller parkeringsvanskar
  • nynorsk skriftsspråk
  • heimeside som må oppdaterast
  • engasjert elevråd

Her finn du meir

Solund Nyheter på facebook: Solund nyheiter

Solund barne- og ungdomskule instagram

Solund kommune instagram

Solund kommune si heimeside

Kva skjer på fritida?

  • Fleire aktive lag som organiserer aktivitetar på dugnad. Sjå omfanget her
  • Ønskjer du å starte eller leie ein aktivitet er du velkomen til det.
  • Nytt og velutstyrt treningssenter
  • Variert natur der du kan bruke sjøen, gå Nordsjøløypa eller opp på ein (liten) fjelltopp.
  • Dagstur til Sognesjøhytta med utsikt over Sognesjøen/-fjorden.
  • Oppdage at det bur fleire enn du trur som er unge vaksne
  • Konsertar, basar, quiz og pub-kveld, lørdagskveldsen eller søndagsmiddagen på Skafferiet eller rett og slett ein dagstur med ekspressbåten til Bergen.

Vi tilbyr

  • Eit oppvekstmiljø som har starta endringsprosessar med å utvikle læringssmiljøet
  • Verte del av ei personalgruppe som ønskjer utvikling og er open for nye tankar
  • Om du ikkje allereie har formell utdanning som fagarbeider er vi interesserte i legge tilrette for at du skal kunne ta denne utdanninga
  • Tilby vidareutdanning innan fagområde som SFO/skulen treng.

Søkjar må legge vekt på å presentere seg opp mot det som vert etterspurt i utlysingsteksten. Den som vert tilsett må vere trygg i norsk språk, både muntleg og skriftleg. Solund kommune brukar nynorsk skriftspråk.

Tilsetjing elles i tråd med HTA. Løns- og arbeidsvilkår er i h.h.t. gjeldande lov, reglement og avtaleverk. Prøvetid med 6 månader.

I tråd med opplæringsslova og lov om helsepersonell er det krav om godkjend politiattest og utfylt MRSA- og tuberkuloseskjema ved oppstart i stillinga.

Attestar og vitnemål må leggjast fram i samband med intervju.

Solund kommune nyttar elektronisk søknadssystem, For å søkje på stilling hjå oss, må du opprette eigen brukaridentitet og passord i EasyCruit. Søknadar som ikkje vert levert elektronisk vert ikkje vurdert vidare i prosessen.

Velkomen som søkjar!

Solund kommune har vurdert marknadsføring av stillinga, og ynskjer berre kontakt med søkjarar.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Hardbakke, 6924 Hardbakke
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Annet, Omsorg og sosialt arbeid
FINN-kode
353023796
Sist endret
14. mai 2024 10:15