Ynskjer du ein variert og kjekk arbeidsdag?

Arbeidsgiver
Fjaler kommune Våge barnehage
Stillingstittel
Fagarbeidar eller assistent i Våge barnehage, 100 % vikariat
Frist
02.06.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Våge barnehage har ledig eit 100 % vikariat for barne- og ungdomsarbeidar eller assistent barnehageåret 2024/25. Vi ser etter deg som brenn for pedagogisk arbeid, som er god på å bygge relasjonar til barna og deira føresette og som vil vere med oss på å lage gode kvardagar i barnehagen vår.

Vi ønskjer oss søkjarar som går inn i stillinga med engasjement og initiativ. Høyrest dette ut som deg? I så fall gler vi oss til å få søknaden i frå deg. Ta gjerne kontakt om du har spørsmål om stillinga eller vil høyre meir om korleis det er å jobbe i Våge barnehage.

Kvalifikasjonar
  • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar
  • Andre med erfaring frå barnehage kan og søkje og blir vurdert om vi ikkje får søkjarar med fagbrev
  • Gode norskkunnskapar
  • Den som vert tilsett må legge fram godkjend politi- og tuberkulinattest før tiltreding

Personlege eigenskapar
  • Har godt samspel med barn og vaksne
  • Kan arbeide sjølvstendig og har gode samarbeidsevner
  • Evner å arbeide løysingsorientert i eit travelt miljø og samtidig ha eit godt humør

Vi vektlegg at ein er personleg eigna til stillinga

Vi tilbyr
  • Ein variert og kjekk kvardag
  • Givande leik med flotte barn kvar dag
  • Godt arbeidsmiljø med trivelege kollegaer
  • Løn etter utdanning og ansiennitet
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Vågsvegen, 6967 Hellevik i Fjaler
Stillingsfunksjon
Barnehage / Barnehageassistent, Undervisning og pedagogikk, Barnehage / Barnehagelærer
FINN-kode
353022248
Sist endret
14. mai 2024 08:33