Inaktiv

Energimontørar

Arbeidsgiver
Sygnir AS
Stillingstittel
Energimontørar
Frist
02.06.2024

Beskrivelse

Energimontørar



Ynskjer du å jobba i eit av landets desidert vakraste kontorlandskap?


Stadig vekst krev dyktige hender
Vår drift av samfunnskritisk infrastruktur krev topp kvalifiserte energimontørar. Omringa av det kanskje vakraste og råaste kontorlandskapet i Noreg står våre montørar ovanfor utfordringar som krev både kreativitet og teknisk ekspertise. Om du har fagbrev som energimontør, og ynskjer å arbeida i Noreg sitt brattaste nettselskap, vil me høyra frå deg!


Me har for tida ledig stilling på montørbasane i Aurland, Lærdal og Sogndal
Vil du vera med på å rusta Sogn for det grøne skiftet? Å utgjera ein forskjell og vera med å forma regionen for framtida? Søk deg inn som energimontør i Sygnir!


Arbeidsoppgåver:


  • Byggja, montera og dokumentera kabelanlegg, nettstasjonar, transformatorstasjonar og linjer i små og store prosjekt
  • Drift og vedlikehald av eksisterande nettanlegg
  • Kan bli pålagd å delta i Sygnir si vaktordning

Ynskja kvalifikasjonar:


  • Fagbrev energimontør
  • Førarkort klasse B, og gjerne klasse C
  • Flytande i norsk, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar:


  • Stor vekt på HMS, og du tek aldri snarvegar
  • Evne til å skapa ein trygg og sikker arbeidskvardag
  • Fagleg dyktigheit og ein naturleg problemløysar
  • Sjølvstendig arbeidsstil, kombinert med gode samarbeidsevner
  • Dyktig til å ta i bruk digitale verktøy
  • Rettleia og vera eit førebilete for lærlingane

Om Sygnir
Sygnir er ein del av Sognekraft-konsernet som er ein drivkraft i Sogn. Her møtes natur og teknologi. Me har eit straumnett på om lag 2500 km og 14000 nettkundar. Arbeidsplass vil vera på ein av våre lokasjonar i konsesjonsområdet som omfattar kommunane Aurland, Lærdal, Sogndal og Vik i Sogn.


Er du klar til å ta del i vår vekst og å bidra til ei grønare framtid? Ta kontakt med oss.


For søkjarar i Aurland/Lærdal, ta kontakt med baseleiar Hans Erik Vikøren, på tlf 990 99 043
For søkjarar i Sogndal, ta kontakt med baseleiar Erling Sperle, på tlf 951 30 979


Søknad sendes via "søk på stilling" knappen på denne siden.

Sektor
Privat
Antall stillinger
3
Sted
6856 Sogndal
Stillingsfunksjon
Håndverker / Elektriker, Håndverker, Håndverker / Andre montører
FINN-kode
353021412
Sist endret
14. mai 2024 06:28