Inaktiv

Sjukepleiar vikariat, 100%

Arbeidsgiver
Hjemmetjenester Midt-Telemark
Stillingstittel
Sjukepleiar vikariat, 100%
Frist
27.05.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Ønsker du ein varierande og spennande arbeidskvardag?

Heimetjenesta har for tida ledig eit vikariat på 100% som sjukepleiar. Stillinga har langvakter på helg og vakter i Sone Bø samt sjukepleiarteamet.

I heimetjenesta arbeider ein ute på bygda i private bustadar og inne i omsorgsbustader.
Heimetjenesta i Midt-Telemark er ei avdeling inndelt i 3 soner, Sone Bø, Sone Gvarv og Fagsona. I Fagsona har me team som skal jobbe målretta med «kva er viktig for deg» som pasient i ulike fagfelt som demens, sår, respirasjon, kreft, sjukepleiar-prosedyrar og innsatsteam. Innsatsteamet hjelper pasientar som i periodar treng meir oppfølging for å klare seg mest mogleg sjølve.
Me samarbeider på tvers av sonane og fleire ansatte arbeidar i fleire soner.
I tillegg til eit godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø, kan me skryte på kånn god takhøgde for forskjellige meiningar og mykje innslag av humor.
Me har deltatt i akuttkjedeprosjektet og gode pasientforløp og kastar oss ut i alle prosjekt som kan bidra til at me blir den beste heimetenesta, både for ansatte og pasientar. Avdelinga har årsturnus der man i stor grad er med å påverker si eiga turnus.



Arbeidsoppgåver

  • Sjukepleiarprosedyrar.
  • Helsetenester og oppfylging av pasientar
  • Samarbeid med pårørande
  • Samarbeid med andre aktørar som lege, ergoterapeut, fysioterapeut og tenestekontor
  • Dokumentasjon

Kvalifikasjonar

Krav til kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som sjukepleiar
  • Du må kunne kommunisere godt på norsk, både skriftleg og munnleg
  • Førerkort klasse B

Ønska kompetanse

  • Erfaring frå helseteneste
  • God kjennskap til bruk av data som verktøy

Særskilde krav

  • Krav om politiattest, jf. Lov om Helse og omsorgstjenester § 5-4. Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling.

Personlege eigenskapar

  • Interesse for å utføre sjukepleiarprosedyrar
  • Har evne til sjølvstendig, strukturert og målretta arbeid
  • Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Er strukturerte og løysningsorientera
  • Du må ha godt humør og inneha ein positiv innstilling samt tolmodige til å kunne tole psykiske og fysiske krevjande utfordringar
  • Evne til å ivareta og bidra til eit god arbeidsmiljø

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

  • E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune
  • Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Kopi av vitnemål og attestar tas med ved eventuelt intervju.

Kontaktinformasjon

Elisabeth Josefsen, Avdelingsleiar, +47 99358302

Arbeidsstad

Gamleveg 46

3802 Bø i Telemark

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune



Referansenr.: 4813459386

Stillingsprosent: 100%

Vikar

Startdato: 05.08.2024

Sluttdato: 08.06.2025

Søknadsfrist: 27.05.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Gamleveg 46, 3802 Bø i Telemark
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
353010190
Sist endret
14. mai 2024 05:08