Organiststilling ledig i fjellkommunen Vang

Arbeidsgiver
Vang Kyrkjeleg Fellesråd
Stillingstittel
Organist
Frist
16.06.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Freistar det deg å overta og vidareutvikle ein lang tradisjon med kyrkjemusikk og konsertar i fjellkommunen Vang?
Vang høyrer til Valdres prosti i Hamar bispedøme. Vang er den vestlegaste av kommunane i Valdres, på grensa mot Sogn, og dermed midt mellom Oslo og Bergen.




Hva vi ser etter


  • Relevant kyrkjemusikalsk utdanning og arbeidserfaring er ynskjeleg.
  • Organisten går inn i eit nært samarbeid med soknepresten og den øvrige staben. Me ynskjer oss ein organist som kan inspirere til song- og kyrkjemusikalsk aktivitet i kyrkjelydane.
  • Me legg vekt på evne og vilje til å samarbeide, til å ta initiativ og til å arbeide sjølvstendig. I tillegg legg me vekt på musikalske kvalifikasjonar og at du vil passe godt i staben vår, difor vil personlig egnethet bli vektlagt.

I tillegg;


  • Du må beherske norsk muntlig og skriftlig, samt ha grunnleggende kunnskap om dataverktøy.
  • Du må være medlem av Den norske kirke og utføre tjenesten i samsvar med Den norske kirkes ordninger, grunnverdier og visjoner.
  • Du må ha førerkort klasse B og disponere egen bil.
  • I stillingen inngår kvelds- og helgearbeid.
  • Tilfredsstillende politiattest må fremlegges jamfør Trossamfunnsloven §20, og Politiregisterloven §39, første ledd.

Me ynskjer og å informere om at Vang kommune har lyst ut ei 20% stilling som dirigent for Fjellblom musikklag, dersom det skulle være interessant å søke den i tillegg -- for å fylle stillingsgraden. Ved spørsmål vedrørende dirigentstillinga, ta forbindelse med; Jon Eggen, mob. 901 86 731.


Kvalifiserte søkjarar vil bli innkalla til intervju og prøvespel.


Spørsmål om organiststillinga kan rettast til:


Kyrkjeverje Silje Hammerstad, mobil 902 42 171 eller sh466@kirken.no


Sokneprest Ingebjørg Vik Laugaland, mobil 926 53 320 eller il597@kyrkja.no


Søknad med CV, vitnemål, attestar og referansar sendast til mail; sh466@kirken.no**, innan 16.juni 2024.**




Arbeidsoppgaver

· Samarbeid om planlegging og gjennomføring av gudstenester og kyrkjelege handlingar.


· Samarbeid om trusopplæringa, og samarbeid mellom kyrkja og skula i Vang.


· Legge til rette for kyrkjekonsertar, musikkandaktar og korarbeid.


· Koordineringsansvar for kulturelle arrangement i kyrkja, utleiekontraktar og anna organisering rundt dette.


· Utarbeiding av kyrkjemusikalsk plan.


· Ved ledig kapasitet avhjelpe med aktuelle arbeidsoppgåver ved arbeidsfellesskapet.




Vi tilbyr

Me kan tilby gode instrument i tradisjonelle kyrkjer, og eit godt arbeidsfellesskap.


Tilsetting skjer på vilkår av dei til ei kvar tid gjeldande lover, reglement og tariffavtaler, og du vil få medlemskap i KLP pensjonsordning.


Vang kommune har ca. 1650 innbyggarar, med kulturskule, korps og kor, i tillegg til eit vidt spekter av anna frivillig arbeid.

Sektor
Offentlig
Sted
Tyinvegen 5175, 2975 Vang i Valdres
Stillingsfunksjon
Ledelse, Annet
FINN-kode
353006951
Sist endret
13. mai 2024 09:11