Inaktiv

Lærlingekoordinator helsefag og prosjektmedarbeidar

Arbeidsgiver
Utdanning og kompetanseavdeling, Helse Fonna HF
Stillingstittel
Konsulent - lærlingekoordinator helsefag
Frist
26.05.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Vi søkjer ein dyktig konsulent, lærlingekoordinator helsefag i 100% vikariat ved Helse Fonna. Stillinga er delt inn i to 50% vikariat, og søkjarar kan søke på begge eller berre den eine stillingen.

Som lærlingekoordinator helsefag i 50% stilling vil du ha ansvaret for å følgje opp helsefaglærlingane ved Helse Fonna. Du skal sikre at forpliktelsar i opplæringslova og fagplanar blir ivareteke. Vi ser etter ein engasjert medarbeidar med erfaring frå arbeid med lærlingar og studentar. Du må vere sjølvstendig, proaktiv og sterk på gjennomføring. Lærlingekoordinator vil vere fagleg organisert under opplæringskontoret i HR.

Den andre delen av stillingen er knytt til eit prosjekt for optimal oppgavedeling mellom sykepleiarar og helsefagarbeidarar. Fokuset er å auke andelen helsefagarbeidarar i heile stillingar ved Helse Fonna. Er du ein initiativrik og engasjert person med erfaring innan helsefaga? Har du ein lidenskap for å forbetre arbeidsforholda og karrieremoglegheitene for helsefagarbeidarar? Då kan du vere akkurat den vi ser etter til dette spennande prosjektet hos Helse Fonna!

HR består i dag av 3 avdelingar; Personal, HMS og organisasjon, Utdanning og kompetanse og Bemanningsavdeling. HR har omlag 30 dyktige medarbeidarar i teamet som saman ivaretek Helse Fonna sine strategiske, rådgjevande, støttande og saksbehandlande funksjonar innan HR området. I HR ser vi nytten av å arbeide i team.
Den HR-faglig kompetansen skal bidra til utvikling av organisasjonen og at Helse Fonna gir helsetenester av god kvalitet.



Arbeidsoppgåver

Lærligekoordinator helsefag

  • Ansvar for å følgje opp lærlingane i føretaket i høve til gjennomføring av lærlingeløpet
  • Sikre at undervegsvurderingar og halvårsvurderingar vært planlagt og gjennomført
  • Planleggje og gjennomføre studie- og opplæringsdagar
  • Vere kontakt mellom lærling og rettleiar
  • Samarbeide tett med koordinator for lærlingekontoret i HR
  • Ha dialog og samarbeide med opplæringskontoret i Vestland- og Rogaland fylkeskommune
  • Ha tett dialog med aktuelle vidaregåande skular
  • Ansvarleg for oppmelding til fagprøve
  • Bistå i rekruttering av nye lærlingar
  • Det må påreknas noko reiseaktivitet

Prosjekt

  • Drive prosjektet oppgåvedeling med samarbeidspartnarar
  • Ansvar for å fasilitera undervisningen for helsefagarbeidare
  • Rapportering og dialog med NAV knytt til prosjektmidlar

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev som helsefagarbeider, eller relevant utdanning frå høgskule
  • Relevant erfaring med undervisning/opplæring/rettleiing av lærlingar eller studentar
  • Relevant erfaring frå klinisk arbeid
  • Erfaring frå samarbeid på tvers av sjukehus avdelingar og eksterne - skule og bedrift
  • Erfaring frå prosjektarbeid kan være ein fordel
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Gode IKT kunnskaper

Personlege eigenskapar

  • Du kommuniserer godt, skriftleg og munnleg
  • Du er ein lagspelar, god til å samarbeide med andre og evnar å tenke heilskap
  • Du arbeidar sjølvstendig, strukturert og målretta
  • Du er proaktiv og sterk på gjennomføring
  • Du er positiv, fleksibel og har stor arbeidskapasitet

Vi tilbyr

  • Eit utviklingsorientert og godt arbeidsmiljø
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Fleksibel arbeidstid
  • Løn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må
    søkar gi til kjenne dette i søknaden.

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteinga vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Finn Arve Åsbu, Avdelingsleiar, +47 52732085

Signe Elisabeth Hetland, Avdlingsleiar, 91183198, signe.elisabeth.hetland@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Karmsundgata 51

5531 HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF



Referansenr.: 4804385444

Stillingsprosent: 100%

Vikariat

Startdato: 01.09.2024

Sluttdato: 01.07.2025

Søknadsfrist: 26.05.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Karmsundgata 51, 5531 Haugesund
Stillingsfunksjon
HR, personal og rekruttering, Kontor og administrasjon, Helsepersonell
FINN-kode
352939784
Sist endret
14. mai 2024 06:37