Inaktiv

Lærar i spansk

Arbeidsgiver
Ålesund videregående skole, Møre og Romsdal fylkeskommune
Stillingstittel
Lærar i spansk
Frist
17.05.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Ålesund videregående skole søker ein eller fleire dyktige spansklærarar. Vi har inntil 75% fast stilling frå 01.08.24 og 45% vikariat frå 01.10.24, med mogleg større vikariat og start før. Stillingane kan gjerne kombinerast med andre fag skolen har behov for. Det er også aktuelt å vere kontaktlærar.


Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene er undervisning og profesjonsfagleg samarbeid.

Kvalifikasjonar

Du må ha minimum 60 studiepoeng i spansk, samt PPU eller annan godkjend pedagogisk kompetanse. Relevant undervisingserfaring og nettverk er ein fordel.

Personlege eigenskapar

Du er:
- allsidig og nysgjerrig, med interesse for pedagogikk og språk
- ein som bidrar med kunnskap og erfaring for at elevane skal lære og skolen skal utvikle seg
- både sjølvstendig og ein som jobbar godt i team
- ansvarleg og fleksibel

Vi tilbyr

- Ei utfordrande stilling i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø
- God tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
- Offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
- Løn etter tariff

Anna
Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søkje ledig stilling hos oss.
Den som vil bli tilsett må levere politiattest

Kontaktinformasjon

Sonja Gangstad, Ass rektor , 97962029

Eirik Sundquist Torp, Avdelingsleder , 90855784

Arbeidsstad

Gangstøvikvegen 27

6009 ÅLESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune



Referansenr.: 4805688572

Stillingsprosent: 75, 45%

Fast, Vikar

Startdato: 01.08.2024

Søknadsfrist: 17.05.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Gangstøvikvegen 27, 6009 Ålesund
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Undervisning og pedagogikk / Lærer/Lektor
FINN-kode
352938739
Sist endret
14. mai 2024 06:35