Spesialsjukepleiar/sjukepleiar/vernepleiar 

Arbeidsgiver
TSB poliklinikk, Stord DPS/BUP, Helse Fonna HF
Stillingstittel
Spesialsjukepleiar/sjukepleiar/vernepleiar
Frist
02.06.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vil du bli med i eit utfordrande og spennande arbeidsfelt i stadig utvikling?

Ved Tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) har vi ein ledig fast stilling for spesialsjukepleiar/sjukepleiar eller vernepleiar, helst med vidareutdanning i rus- og/eller psykisk helse. TSB sikrar rask vurdering og psykisk helsehjelp til innbyggjarane. Vårt arbeid er prega av tverrfagleg samarbeid både internt og eksternt. Sidan hausten 2020 har vårt ansvarsområde for LAR-pasientar utvida til også å omfatte LAR-utdeling for pasientar busette i Stord kommune. Teamet vårt er tverrfagleg og lokalt forankra, samansett av overlege, psykologspesialist, klinisk sosionom og psykiatriske sjukepleiarar.

Stord DPS er eit av tre DPS i klinikk for psykisk helsevern, Helse Fonna HF. Opptaksområdet for DPS dekkjer dei fire kommunane Stord, Fitjar, Bømlo, og Tysnes. TSB er organisert under felles leiing saman med døgnpost for vaksne, allmennpoliklinikk for vaksne, FACT og allmennpoliklinikk for barn og unge (BUP). Vi er inne i ei tid med fokus på utvikling av tilbodet ved Stord DPS. Vi ønskjer at våre medarbeidarar skal ha god fagkompetanse på sitt område og vi legg til rette for vidare- og etterutdanning.



Arbeidsoppgåver

  • Behandlaransvar for pasientar med TSB rettighetar og som er i LAR-behandling
  • Pasientoppfølging både poliklinisk og ambulant
  • Utreda og søkje inn pasientar til relevant institusjonsbehandling
  • Samarbeid med Interkommunal legevakt, førstelinjetenesta, NAV og andre samarbeidspartar
  • Deltaking i ansvargrupper rundt pasientane
  • Kontinuerlig fagleg oppdatering
  • Oppfølging inkludert utdeling av LAR-medikament

Kvalifikasjonar

  • Bachelor i sjukepleie/vernepleie med norsk autorisasjon
  • Vidareutdanning innan rus og/eller psykisk helsearbeid, eller annan relevant vidareutdanning, er ein fordel men ikkje eit krav
  • Personleg eignethet vil bli tillagt stor vekt
  • Erfaring frå arbeid med rus / psykisk helse er ønskeleg
  • Gode norsk ferdigheiter, skriftleg og munnleg
  • Førarkort for bil

Personlege eigenskapar

Hos oss er det viktig at du

  • er fleksibel
  • har evne til å stå i krevande situasjonar
  • har gode kommunikasjonseevner
  • er ein god teamarbeidar

Personlege eigenskapar og relevant erfaring blir vektlagt

Vi tilbyr

  • Eit utfordrande og spennande arbeidsfelt i stadig utvikling.
  • Arbeid i tverrfagleg team.
  • Eit godt fagmiljø og kjekke kollegaer.
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst.
  • Stillinga er dagstilling, 37,5 timars veke.
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift).
  • Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.

For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkar gi dette til kjenne i søknaden.

Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Ranveig Shevanti Hjelland, Funksjonsleiar TSB, 41800479, randi.shevanti.hjelland@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Tysevegen 64

5416 STORD

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF



Referansenr.: 4809819418

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 02.06.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Tysevegen 64, 5416 Stord
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
FINN-kode
352934049
Sist endret
14. mai 2024 06:28