LIS3 Nevrologi

Arbeidsgiver
Nevrologisk seksjon, Helse Førde
Stillingstittel
LIS3 Nevrologi
Frist
09.06.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Nevrologisk seksjon har ledig to vikariat som LIS3 i nevrologi.

To av våre legar har permisjon som ledd i spesialiseringsforløpet og vi lyser difor ut to årsvikariat med mogelegheit for fast tilsetjing.

Nevrologisk seksjon er ein del av Avdeling for nevrologi, revmatologi og rehabilitering; ANRR.

Hovudoppgåva er å yte spesialisthelseteneste til pasientar med nevrologiske sjukdomar. Vi har sengepost, slageining, poliklinikk med laboratorium for klinisk nevrofysiologi, EEG-laboratorium og fagsjukepleiarar innan epilepsi, parkinson, slag, hjernekreft og MS.

Nevrologisk avdeling i Helse Førde har fagavtale med nevrologisk- og nevrokirurgisk avdeling på Haukeland Universitetssykehus for deler av spesialiseringsforløpet.

Helse Førde er for tida inne i eit omfattande og spennande utviklingsarbeid. Vi ser med entusiasme fram mot hausten 2024 då vi skal flytte inn i ny og moderne sengepost med einerom til alle våre pasientar og gode arbeidsforhold for våre tilsette. Vi arbeider kontinuerleg med utvikling og forbetring av tenestene samt organiseringa av desse.

Vi har fokus på å ha eit godt arbeidsmiljø, spesielt med tanke på samarbeid mellom kollegaer, andre yrkesgrupper i seksjonen, samt med andre avdelingar. Alle LIS i Helse Førde har tilbud om gruppeveiledning på tvers av avdelingar.

Oppstart i stilling september 2024 eller etter nærmare avtale.

Vi ser fram til å motta søknad frå deg.



Arbeidsoppgåver

  • LIS følgjer i utgangspunktet 7-delt vaktplan, med fri i vaktplan kvar 7. veke. Tilstadesvakt.
  • Som LIS på vår avdeling vil du delta i arbeid på post, ha poliklinikk og delta i tverrfaglig samarbeid. Du vil få undervisning og rettleiing etter oppsett plan.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg
  • Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg.
  • Relevant sjukehuserfaring og kjennskap til DIPS er ønskjeleg

Personlege eigenskapar

  • Motivert, lærevillig og interessert i fagfeltet
  • Bidreg positivt til eit godt fagleg og kollegialt arbeidsmiljø
  • Har gode samarbeidsevner, er arbeidsvilleg og initiativrik

Vi tilbyr

  • Ein spennande og utfordrande jobb
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Rekrutteringstillegg kr 25.000
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø

Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Anne Marit Sølvberg Rygg, Avdelingssjef, (+47) 958 25 538

Stig Erik Hegrestad, Avdelingsoverlege, (+47) 578 39 355

Arbeidsstad

Svanehaugvegen 2

6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Førde



Referansenr.: 4807962390

Stillingsprosent: 100%

Vikariat

Startdato: 01.09.2024

Søknadsfrist: 09.06.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Sykepleier
FINN-kode
352934044
Sist endret
14. mai 2024 06:29