Inaktiv

Psykologar

Arbeidsgiver
Høyanger kommune Tenesteområde helse og omsorg
Frist
27.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Høyanger er ein kraftfull og sterk industristad med eit mangfaldig og rikt kulturliv. Industristaden er rike på erfaringar og gevinstar der ulike kulturar og nasjonalitetar er godt integrert og synlege i bybildet. Eit godt utbygd aktivitetstilbod med idretthall, treningsenter, flott badeanlegg, vintersportanlegg og fotballanlegg. Naturen ikring oss innbyr til aktivitetar både i fjord og fjell. Til fots, på ski, i lufta(speediving), i kajakk eller båt. Musikkmiløet i Høyanger er kjent for sin variasjon og spennvidde, og dei utgjer ein del av vårt rike kulturliv som nyttar våre lokale fasilitetar til konsertar og tilstellingar. Tryggleik og nærleik til våre innbyggarar gjer at vi har ein kommune som er ein god stad å bu, arbeide og leve i!

Det overordna målet i Høyanger kommune er å gje eit godt tilbod til barn og ungdom som har lettare til moderate psykiske lidingar. I kommunen er tverrfagleg samarbeid mellom psykolog, helsesøster, barnevern, open omsorg –psykiatritenesta og oppvekst eit sentralt satsingsområde.

Psykologane vil inngå i stekt fagleg behandlingsteam, med en klar psykologfagleg profil. Arbeidet vil primært bestå i med å kvalitetssikre kommunen sine psykososiale tilbod for barn, ungdom og familiar. Dette vil skje gjennom undervisning, rettleiing og drøfting med andre faggrupper. Vidare delta i ulike former for tverrfagleg samarbeid og prosjekt, og delta i plan og systemarbeid. I delar av stillinga vil psykolog gje tilbod om individuelle samtaler med barn og unge med lette til moderate psykiske helsevanskar. Det kan og være aktuelt og selje psykologtenester til nabokommunar. Psykolog skal vere som ein naturleg del av eit team og vert samlokalisert saman med faggrupper innan barnevern og helsesøster.

Vi har 2 ledige stillingar som psykolog / psykologspesialist – 1 vikariat frå snarast og inntil eitt år og 1 fast stilling.

Kvalifikasjonskrav for stillingane

  • Er psykolog eller psykologspesialist
  • Erfaring frå primær- eller spesialisthelsetenesta er en fordel
  • Interesse for forsking og fagutvikling er ein fordel
  • Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg med god framstillingsevne
  • Personlege eigenskapar som initiativrik, engasjert, fleksibel og strukturert
  • Må ha sertifikat klasse B og disponere eigen bil.

Vi tilbyr

  • Gode arbeidsforhold med et aktivt og engasjert arbeidsmiljø
  • Konkurransedyktig lønn i tråd med tariff
  • Hjelp til å skaffe bustad
  • Vi legg til rette for relevant vidare- og etterutdanning og spesialisering, samt deltaking i relevante faglege nettverk.

Tilsetting skjer på vanlige kommunale vilkår ut frå gjeldande lover, regler og avtaleverk, pensjonsordning (KLP). Med heimel i Helse og omsorgstenestelova § 5-4, vert det stilt krav om godkjent politiattest før tiltreding i stillinga.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Storgata, 6993 Høyanger
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Annet, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
FINN-kode
352933112
Sist endret
14. mai 2024 06:29