Inaktiv

Universitetslektor (20 % vikariat) i medisin (allmennmedisin)

Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Stillingstittel
Universitetslektor (20 % vikariat) i medisin (allmennmedisin)
Frist
03.06.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?


Universitetslektor

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, er det ledig eit vikariat som universitetslektor (20 % stilling) i medisin (allmennmedisin) for perioden 11. september 2024 til 31. desember 2025. Arbeidsstad er ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin.

Vi søkjer ein medarbeidar som saman med tilsette ved instituttet vil bidra til framifrå undervisning.


Arbeidsoppgåver:

Stillinga inneheld oppgåver innan

  • undervisning, rettleiing og tilrettelegging, først og fremst knytt til undervisning på medisinstudiet
  • generell undervisning og undervisning i høve til dei studieprogramma fakultetet/instituttet til ei kvar tid har, kan verte pålagt
  • administrative oppgåver etter rettleiande tidsmessige rammer

Den som vert tilsett, vert del av Fagområdet for allmennmedisin og vil få delansvar for utforming av undervisning i allmennmedisin med spesielt ansvar for muskel- og skjelettsjukdomar for medisinstudentar frå Universitetet i Bergen.


Kvalifikasjonar og eigenskapar:
  • Søkjar må ha norsk cand.med.-grad eller tilsvarande kompetanse
  • Søkjar må vere spesialist i allmennmedisin
  • Det er eit ønske at søkjar har brei og relevant klinisk erfaring, med særskilt interesse for muskel- og skjelettsjukdomar, samt engasjement og interesse for undervisning
  • Det er eit ønske at søkjar har undervisnings- og administrativ erfaring samt erfaring med populærvitskapleg formidling
  • Det vert lagt vekt på dokumentert vilje og evne til samarbeid

Undervisingsspråket er til vanleg norsk. Det vert kravd at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga.


Vi tilbyr:
  • Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • Løn er for tida kr 594 500 – 646 000 (kode 1009, lønssteg 61-66) brutto pr. år for ei fulltidsstilling. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:
  • Ei kort utgreiing om søkjaren sin motivasjon for å søkje stillinga
  • CV
  • Karakterutskrifter (all høgare utdanning) og relevante attestar
  • Dokumentasjon på utdanningsfagleg kompetanse
  • To referansar (namn og kontaktinformasjon)

Dersom du driv forsking legg du og ved:

  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Vitskaplege arbeid (maks 10) i pdf-format

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (pdf).


Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til fagområdeleiar Øystein Hetlevik, e-post: oystein.hetlevik@uib.no, telefon: 900 77 175.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

Kvinner vert spesielt oppmoda om å søkje. Dersom dei sakkunnige finn at fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, vil reglane om kjønnskvotering i Personalreglementet for vitskaplege stillingar verte følgde.

Universitetet i Bergen nyttar utvida meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.


Sektor
Offentlig
Sted
Årstadveien 17, 5018 Bergen
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Helsepersonell, Sykepleier
FINN-kode
352926211
Sist endret
14. mai 2024 06:17