Audiograf

Arbeidsgiver
ØNH Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Audiograf
Frist
11.06.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Vi har ledig 50% vikariat for audiograf ved Hørselssentralen, ØNH, Ålesund Sjukehus. Stillinga er ledig frå snarast med ett års varigheit.

På hørselssentralen jobbar vi hovudsakleg med utgreiing og oppfølging av personar med nedsatt hørsel.
Vi har fylkesansvar i forhold til utgreiing og oppfølging av små born som ikkje passerer nyfødtscreening. Vi har også eit team som jobbar med utgreiing av APD. Samt eit kurs til brukarar som får tilpassa høyreapparat. Det er eit nært samarbeid med ØNH-Legar og audiopedagogar på seksjonen. ØNH-seksjonen har 5 overlegar og 4 LIS legar. Hørselssentralen har 7 audiografstillingar. Det er ein eigen audiopedagogisk eining ved seksjonen som har 3 audiopedagogar.

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her



Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing, habilitering og rehabilitering av personar med nedsatt hørsel i alle aldersgrupper
  • Vurdering av behov for hjelpemiddel, rehabilitering med høyreapparat til vaksne og barn
  • Retesting etter høyrselsscreening av nyfødde
  • Vi har eit tett samarbeid med Øre-nese-hals poliklinikk og audiopedagogisk eining

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som audiograf
  • Gode norskkunnskapar, skriftleg og muntleg
  • Det er ein fordel med erfaring frå sjukehus eller avtalespesialist, men vi oppfordrar også nyutdanna til å søkje

Personlege eigenskapar

  • Du er strukturert, imøtekommande
  • Du arbeider sjølvstendig og er ansvarsbevisst
  • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevne
  • Du er tilpasningsdyktig og bygger lagånd
  • Ønsker å tilegne deg ny kompetanse
  • Personlig egnethet vektlegges

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp og lagt ved søknad og CV.

Kontaktinformasjon

Monika Dahl Berget, Seksjonsleiar, +47 70105271, Monika.Berget@helse-mr.no

Henrikke Overå , Koordinator , 70105266

Arbeidsstad

Åsehaugen 5

6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF



Referansenr.: 4812997104

Stillingsprosent: 50%

Vikariat

Søknadsfrist: 11.06.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Annet, Sykepleier
FINN-kode
352921852
Sist endret
28. mai 2024 01:53