Inaktiv

SFO-leiar

Arbeidsgiver
Moster skule, Bømlo kommune
Stillingstittel
SFO-leiar
Frist
26.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Søkjer du ein utfordrande og meiningsfull stilling der du kan vera med på å forme framtidige generasjonar? No søkjer Moster skule etter ein SFO-leiar i 100%-stilling!

Som SFO-leiar har du ein sentral rolle i den daglege drifta av skulefritidsordninga. Du blir ein nøkkelperson i å skape ein trygg og inkluderande kvardag for barna, der deira trivsel og utvikling står i fokus. Gjennom di evne til å leie, organisere og inspirere, vil du vera med på å forme ein SFO prega av kvalitet og positiv utvikling.

Bli ein del av eit engasjert og inkluderande miljø ved Moster skule, der me legg til rette for ein meningsfull og trygg kvardag for både barn og vaksne. Moster skule er ein barne- og ungdomsskule med 310 elevar, med ca. 70 elevar frå 1.-4. trinn som har plass i SFO. Som vår nyaste SFO-leiar får du ansvar for å leggje til rette for eit godt og trygt arbeidsmiljø for barn og vaksne i SFO.

Stillinga tiltrer 01.08.24, og vert delt mellom 60% SFO-arbeid og 40% arbeid i skulen.



Arbeidsoppgåver

  • SFO leiaren har ansvar for den daglege drifta av SFO, organisering, tilrettelegging og anna pedagogisk arbeid.
  • Syte for trivsel og trygge rammer for barna og leggje til rette for god utvikling hos det einskilde barnet og i barnegruppa.
  • Fremme forslag og idear som kan bidra til kvalitet og utvikling i det daglege og legge til rette for dette.
  • Medverke til at samarbeidet med personalet, barna og foreldre/føresette fungerer godt og halde kontakt med foreldre/føresette og ha gode rutinar på informasjon til heimen.
  • Leie planlegginga ovanfor miljøarbeidarane i SFO.
  • Leie den daglege personalhandteringa på SFO i forhold til vaktplanar og vikarbruk.

Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.

Kvalifikasjonar

Det er ynskjeleg med:

  • Relevant utdanning, som høgskuleutdanning innan pedagogikk på ulike nivå.
  • Erfaring frå arbeid med barn og unge.
  • God evne til kommunikasjon og samarbeid, samt å vera tydeleg, engasjert og løysingsorientert.

Personlege eigenskapar

  • Evne til å skape gode relasjonar
  • Jobbe sjølvstendig
  • Gode samarbeidsevner
  • Vera positiv og fleksibel
  • Vera ein tydeleg leiar

Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga.

Me tilbyr

  • Varierte og spennande arbeidsoppgåver i ein flott kommune
  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
  • Fleksibel arbeidstid (ta stilling til om dette er aktuelt)
  • Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Medlemskap med tilsettegoder i velferdsklubben

Anna

  • Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
  • Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Opplæringslova § 10-9
  • Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn
  • Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25

Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din. Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med Merete Johanne Fjellheim, rektor.

Kontaktinformasjon

Merete Johanne Fjellheim, Rektor, 976 53 939, merete.johanne.fjellheim@bomlo.kommune.no

Arbeidsstad

Espelandssjøen 1

5440 Mosterhamn

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Bømlo kommune



Referansenr.: 4811817853

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 26.05.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Espelandssjøen 1, 5440 Mosterhamn
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Ledelse
FINN-kode
352920686
Sist endret
14. mai 2024 06:12