Inaktiv

Spesialbibliotekar/rådgivar

Arbeidsgiver
Høgskulen i Volda
Stillingstittel
Spesialbibliotekar/rådgivar
Frist
02.06.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Om stillinga

Ved høgskulebiblioteket er det ledig ei 100% fast stilling som spesialbibliotekar/rådgivar frå 1. august 2024.

Vi søker deg som har lyst til å vere ein del av eit interessant fagmiljø i stadig utvikling.

HVO-biblioteket leverer kunnskapstenester og forskingsstøtte til om lag 4600 studentar og 350 tilsette. Vi er ein kunnskapsorganisasjon i endring, og vi treng engasjerte medarbeidarar som vil vere med på å utvikle framtidas bibliotek.

Biblioteket er ein viktig aktør innan forsking, undervisning og læring ved Høgskulen i Volda. Vi arbeider aktivt med å skape eit inspirerande læringsmiljø og utvikle gode tilbod innan informasjonskompetanse, akademisk skriving og forskarstøtte. Vi bruker biblioteketsystemet Alma, søkemotoren Oria, og pensumlistesystemet Leganto. I tillegg kjem ei rekkje ulike fagdatabasar og e-bokressursar.

HVO-biblioteket har elleve tilsette, og fire studentvakter i turnus. Vi er eit meirope bibliotek, og er plassert i hjartet av campus.

Administrasjonsspråket ved høgskulen er norsk. Dagleg arbeidsstad er Høgskulen i Volda.

Vi søker etter ein medarbeidar som raskt kan setje seg inn i nye og varierte arbeidsoppgåver, og som vil trivast med å hjelpe studentar og tilsette ved høgskulen med studium og arbeid. Vi ved HVO-biblioteket jobbar saman i eit godt og nært arbeidsmiljø, med høve til personleg og fagleg utvikling. Her vil du bli tatt godt imot.


Kvalifikasjonar
  • Til stillinga som spesialbibliotekar krevst bachelorgrad, gjerne mastergrad, i bibliotek- og informasjonsvitskap, eller tilsvarande utdanning
  • Til stillinga som rådgivar krevst høgare relevant utdanning, normalt mastergrad eller tilsvarande.

Du som søkjer bør:

  • Ha erfaring frå fag- og forskingsbibliotek, og gjerne erfaring med bruk av Alma og Oria.
  • Ha erfaring med forskarstøtte og rettleiing i akademisk skriving
  • Kunne bruke digitale verktøy i arbeidskvardagen
  • Ha gode norsk- og engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagde, og det er ein fordel med relevant arbeidserfaring.

Vi søkjer etter ein medarbeidar som:

  • Har gode samarbeids- og formidlingsevner
  • Er sjølvstendig og initiativrik
  • Har vilje til å dele kunnskap og erfaring med andre
  • Er fleksibel, sørvisinnstilt og likar å arbeide tett på studentar og tilsette.

Arbeidsoppgåver
  • Skrankevakter, fjernlånstenester
  • Undervisning og rettleiing i litteratursøk, kjeldebruk, referansehandteringssystem og akademisk skriving
  • Katalogisering
  • Ansvar for samlingsutvikling for eitt eller fleire av høgskulen sine fagområde
  • Utstillingar og arbeid med sosiale medium

Vi tilbyr

Som vår nye kollega vil du få varierte oppgåver i eit interessant og sterkt fagmiljø der det vert lagt til rette for fagleg og personleg utvikling.

  • Gode moglegheiter for kompetanse- og karriereutvikling
  • Inkluderande miljø med engasjerte kollegaer
  • God pensjonsordning i Statens pensjonskasse.
  • Tilsettgode og fordelar, mellom anna moglegheiter for trening i arbeidstida

Lønn og vilkår

Stillinga er løna etter kompetanse og kvalifikasjonar i statens lønsregulativ: stillingskode 1515 Spesialbibliotekar kr. 567 200 – 615 370 eller Stillingskode 1434 Rådgivar, kr. 584 500 – 681 668.


Generell informasjon

Ved HVO er vi opptatt av mangfald. Medarbeidarar med ulik livserfaring vil gjere oss i stand til å finne gode løysingar på arbeidet vårt. Vi oppmodar difor alle til å søke stillinga utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkommen til å søke sjølv om du ikkje kan vise til ei samanhengande yrkeskarriere. Lokala er universelt utforma, og vi legg tilhøva til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

Dersom du har nedsett funksjonsevne, innvandrarbakgrunn eller hol i CV kan du bli positivt særbehandla om du kryssar av for dette når du søker stillinga. Vi vil invitere minst éin kvalifisert søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om dette på arbeidsgiverportalen.

Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.

Aktuelle kandidatar vert innkalla til intervju. Søkjarar som vert kalla inn til intervju, må ta med originalar av vitnemål og attestar for å dokumentere dei elektronisk innsende vedlegga.


Om søknaden

Alle som søker stillinga må søke digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå informasjon som ligg føre ved utløp av søknadsfristen. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillinga

Offentleg søkarliste blir utarbeidd etter at søknadsfristen er ute. Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette grunngjevast i Jobbnorge. Du vil bli varsla om reservasjon ikkje blir tatt til følge.


Kontakt

Nærare opplysningar om stillingane får ein ved å kontakte biblioteksjef Mariann Schjeide, mariann.schjeide@hivolda.no, tlf. 70075043 eller 415 44 647.


Studiebygda Volda

Midt mellom fjord og fjell på spektakulære Sunnmøre finn du Høgskulen i Volda, med sine lange tradisjonar.

Les meir på www.hivolda.no


Sektor
Offentlig
Sted
Joplassvegen 11, 6103 Volda
Stillingsfunksjon
Kontor og administrasjon, Annet, Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
352918905
Sist endret
23. mai 2024 09:22