Inaktiv

PPT-rådgjevar

Arbeidsgiver
Herøy kommune, kultur og oppvekst
Stillingstittel
PPT-rådgjevar
Frist
28.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi har ledig ei 100 prosents stilling som rådgjevar i pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) frå 1. august 2024.

Rådgjevaren skal støtte elevar i barne- og ungdomskule i arbeid med å nå mål for fagleg og sosial utvikling. PP-tenesta er også ein sakkunnig instans etter opplæringslova og lov om barnehagar. I Herøy samhandlar PPT tverrfagleg med tilsette i barnehagar og skular, i tillegg til helsestasjon, barnevern, psykolog og andre fagmiljø. PPT er ein viktig del av laget rundt barn og unge i Herøy.

Tenesta er lokalisert i nye lokale ved Herøy rådhus, saman med andre medarbeidarar i sektor for kultur og oppvekst.



Arbeidsoppgåver

  • hjelpe skular med kompetanse- og organisasjonsutvikling
  • samarbeide om å tilrettelegge for elevar med særlege behov
  • samhandle med barn, føresette og leiing (arbeidet går i stor grad går føre seg ute i skulane)
  • utarbeide sakkunnig vurdering der lova krev det
  • medverke i arbeidet med å skape gode og lærande elevmiljø
  • i samband med ny opplæringslov kan arbeidsoppgåvene verte endra

Kvalifikasjonar

  • høgare utdanning innan pedagogikk (primært grunnskulelærar), alternativt sosialpedagogikk, logopedi eller psykologi
  • spesialpedagogisk vidareutdanning
  • gjerne erfaring eller kompetanse i høve kartlegging av lærevanskar
  • gjerne erfaring frå barneskule eller ungdomsskule eller arbeid i PPT
  • rettleiingskompetanse og kompetanse i organisasjonsutvikling
  • godkjent politiattest må leggjast fram før tilsetjing

Personlege eigenskapar

  • Du har evne til å arbeide systematisk og analytisk.
  • Du er god på å samhandle, kommunisere og byggje relasjonar.
  • Du ynskjer å jobbe i team og bidra i tverrfagleg arbeid.
  • Du har gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg.

Vi tilbyr

  • varierte arbeidsoppgåver i eit spennande og utfordrande fagfelt
  • fagleg utvikling og deltaking på fagsamlingar
  • eit etablert tverrfagleg samarbeid i kommunen
  • ein arbeidsgjevar med fokus på kvalitet og utvikling
  • moglegheiter for personleg utvikling i tett samarbeid med motiverte kollegaer
  • gode pensjonsordningar gjennom KLP
  • tilsetjing etter gjeldande tariffavtale, lover og reglement.

Søkjarlista kan verte offentleggjort. Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju.

Kontaktinformasjon

Hilde Hestås, Avdelingsleiar grunnskule/PPT, +47 97542422

Arbeidsstad

Rådhusgata 5

6090 Fosnavåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Herøy kommune



Referansenr.: 4812141745

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 28.05.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Rådhusgata 5, 6090 Fosnavåg
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Rådgivning
FINN-kode
352912301
Sist endret
14. mai 2024 05:51