Informasjons- og kommunikasjonsrådgjevar Kvinnherad kommune - 100% fast

Arbeidsgiver
Kvinnherad kommune Administrasjon
Frist
16.06.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Oppmøtestad vil vera Rosendal, rådhuset. Stillinga vil verta knytt til Administrasjon.

Vi søkjer etter deg som har god kunnskap, er oppteken av kommunikasjon, som trivst i tett samarbeid med ulike fagfelt, samtidig som du klarar å ha oversikt på fleire prosjekt samstundes.

For å trivast i rollen er det ein føresetnad at du er dyktig til å formidla informasjon klart og målretta. I ein hektisk kvardag med varierte oppgåver, må du ta initiativ til og sjå etter forbetringsområde, organisera deg sjølv og ha evne til å prioritera. Du må vera komfortabel med eit høgt tempo og ha ei løysingsorientert tilnærming til arbeidet. Tverrfagleg samarbeid er ein viktig del av jobben, både internt i organisasjonen, og i kommunen eksternt. Det er viktig at du er god til å byggja nettverk, vera serviceinnstilt og ha ei positiv innstilling.

Arbeidsoppgåver

Ansvar for kontinuerleg forbetring av kommunen sine heimesider og intranett, medrekna vedlikehald, oppfølging av lisensar, og forbetring av innhald og funksjonalitet, det gjeld også brukarvenlegheit og offentlege krav om universell utforming

Jobben inkluderer arbeid med omdøme, målretta kommunikasjon, arbeid med strategisk kommunikasjonsplan og ansvar for dagleg drift av sosiale kanalar med aktuelt kommunalt stoff

Vera ein strategisk kommunikasjonsfagleg rådgjevar for tenesteområda gjennom jamn kontakt med einingane i sektorane

Du må kunna handtera utfordrande situasjonar (til dømes beredskapssituasjonar) på ein trygg og profesjonell måte, noko som kan bety at du må vera fleksibel med arbeidstida når spesielle situasjonar krev det

Ansvar for bildebank, fylla og vedlikehalda, levande bilde til både intern og ekstern bruk

Samarbeid med andre tilsette i organisasjonen og ulike administrasjonsoppgåver kan leggjast til stillinga

Kvalifikasjonar

Relevant høgare utdanning, helst innan kommunikasjons-/mediefag eller digitale fag-journalistikk

Digital kompetanse og erfaring med forvaltning og utvikling av nettsider, med tilhøyrande analyse og statistikk

Svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne – nynorsk skriftspråk vert nytta

Evne til å formidla informasjon på ein lettfatteleg måte og med klart språk

Relevant erfaring med prosjektstyring

God kjennskap til personvern og GDPR

Relevant erfaring kan kompensera for manglande utdanning

Personlege eigenskapar

Personlege eigenskapar vert vektlagt, jamfør innleiing

Vi tilbyr:

Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML

Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom SPK/KLP

Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd

Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø

Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Stillingsfunksjon
Markedsfører, Kontor og administrasjon, PR og informasjon
FINN-kode
352909182
Sist endret
14. mai 2024 05:50