Inaktiv

Miljøarbeidar

Arbeidsgiver
ASK - Adm. (Stab), Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Miljøarbeidar
Frist
27.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Askøy vidaregåande skule er ligg sentralt i Kleppestø, og har omlag 680 elevar og omlag 100 tilsette. Våre utdanningsprogram er bygg-og anleggsteknikk, elektrofag, helse-og oppvekstfag, studiespesialisering og teknologi og industrifag. Vi har skuleåret 2023-2024 flytta inn i nye lokale med eit mangfald av mogelegheiter. Askøy vidaregåande skule har fokus på ein inkluderande praksis.

Skulen vil ha eit tett samarbeid med Askøy kommune om bruken av auditorium/kultursal og plass til elevar i vaksenopplæringa.

Vi har ledig inntil 2 stillingar som miljøarbeidar med oppgåver knytt til individuelt tilrettelagt opplæring.



Arbeidsoppgåver

Arbeidet er knytt til opplæring for elevar med særlege tilretteleggingsbehov. Saman med lærarar og fagarbeidarar skal ein delta i gjennomføringa av både dagleglivstrening og opplæring i fag. Organiseringa kan være både individuelt og i gruppe.

Kvalifikasjonar

Vi søkjer etter personar personar med relevant fagleg kompetanse retta mot ungdom med lære- og åtferdsvanskar.
Personane må ha interesse for, og høg motivasjon for å arbeide med elevar med samansette vanskar, utviklingshemming og utagerande åtferd. Aktuell utdanning kan vere ttil dømes vernepleiar, helsefagarbeidar, barne- og ungdomsarbeidar eller annen relevant utdanning og erfaring.

Personlege eigenskapar

Vi søkjer etter personar som har eit grunnleggjande positvt elevsyn. Du må vere utadvent, samarbeidsvillig og kunne arbeide i team. Du må arbeide sjølvstendig i tråd med pedagogiske planar. Vi ønskjer personar som har kompetanse og erfaring frå arbeid med ungdom, og som er god til å byggje relasjonar til elevane, men samstundes kan stå i vanskelege situasjonar over tid.

Vi tilbyr

Eit spanande, godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø

Moglegheiten til å vere med på å utvikle fagtilbodet etterkvart som vi auker elevtallet i nytt bygg

Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande regelverk
Nytilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader

Krav om politiattest av nyare dato

Atterhald om overtallige frå andre skoler

Askøy vgs flytta inn i nye lokalar høsten-23 og ny rehabilitert del våren -24, noe som gjør skolen til et fremtidsretta spanande arbeidsstad

For meir informasjon om stillinga kontakt avdelingsleiar Petter Tønjum 97585981

Kontaktinformasjon

Petter Tønjum, avdelingsleiar, +47 97585981

Arbeidsstad





Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune



Referansenr.: 4812908294

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 27.05.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
5300 Kleppestø
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Annet, Helsepersonell
FINN-kode
352905939
Sist endret
14. mai 2024 05:33