Inaktiv

Vi søkjar sjukepleiar!

Arbeidsgiver
Gastroenterologisk og nyremedisinsk avdeling, Helse Fonna HF
Stillingstittel
Sjukepleiar
Frist
02.06.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Bli ein del av vårt team på gastroenterologi og nyremedisin avdeling!

Sengeposten vår ligg på 5. etasje i den eldre blokka ved Haugesund sjukehus. I 2027 gler vi oss til å flytte inn i eit splitter nytt anlegg. Med 12 sengeplassar tilbyr vi spesialisert behandling innan gastroenterologi og nyremedisin.

Vi er opptekne av at du som søkjar skal få moglegheita til å velje kva fagfelt du ynskjer å fokusere på, og vi vil leggje til rette for at dine ønske blir imøtekomen.

Vår avdeling satsar på fagleg utvikling og tilbyr regelmessige fagdagar samt kursing for å styrke både din og avdelinga sin fagkompetanse. Det er også moglegheiter for vidareutdanning innan gastro- og nyresjukepleie om du ynskjer dette.

Arbeidsdagen hos oss byr på både utfordringar og eit triveleg arbeidsmiljø med kompetente og hyggjelege kollegaer. Du kan forvente travle dagar, men også rolege stunder der du verkeleg kan gjere ein forskjell for våre pasientar.

Vi ser fram til å få søknaden din!



Arbeidsoppgåver

  • Pasientoppfølging
  • Bidra til gode pasientforløp
  • Gi god omsorg for pasientar og pårørande
  • Setja i verk og vidareføra behandling i samarbeid med pasientansvarleg lege
  • Bruk av medisinsk teknisk utstyr (MTU)
  • Tett samarbeid med andre tverrfaglege yrkesgrupper
  • Rettleiing av studentar
  • Vere med på å utvikla og forbetra avdelinga sitt arbeid innanfor ulike fokusområde.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Ønskeleg med relevant erfaring fra arbeid på medisinsk sengepost, men ikkje eit krav
  • Må ha grunnleggande IKT-kompetanse. Vi bruker DIPS, Meona og Imatis
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad.

Personlege eigenskapar

Hos oss er det viktig at du:

  • er srukturert og ansvarsbevisst
  • er nysgjerrig, lærevillig og fagorientert
  • har gode evner til samarbeid og kommunikasjon
  • kan bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • trivs i eit aktivt og travelt miljø

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Oppfølgingssamtalar for nytilsette for å kunne tilrettelegge for optimal kompetanseutvikling og trivsel
  • 2-delt eller 3-delt turnus med arbeid 3. hver helg
  • Vennligst opplys om eventuelle ønsker om fortrinnsrett i søknaden din.

Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Silje Berning, Funksjonsleiar, +47 99288054, silje.anette.berning@helse-fonna.no

Aase Pauly Nevland, Avdelingsleiar, aase.pauly.nevland@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Karmsundgata 120

5528 Haugesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF



Referansenr.: 4754494542

Stillingsprosent: 100, 80%

Fast

Søknadsfrist: 02.06.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
352904256
Sist endret
13. mai 2024 01:13